Rådmann Olaus-Jon Kopperstad rår no til at det blir gitt RDA-tilskot til hamneutbygginga på Jensholmen.

Komite for næring, kultur og idrett får mandag på nytt Jensholmen-saka på bordet. Det skjer godt over eit år etter at komiteen gjorde sitt omstridde vedtaket om å gi to millionar i tilskot til hamneutbygginga på Jensholmen.

Sidan det har saka vore på ei lang ørkenvandring, som starta med at rådmannen fann grunn til å få undersøkt lovlegheita av vedtaket. Noko avklaring i så måte har verken kontrollutvalet eller Fylkesmannen vore istand til å gi, og det er på bakgrunn av nye advokatvurderingar rådmannen legg saka fram igjen med positiv tilråding.

Ikkje i strid med regelverket

I si nye vurdering har kommuneadvokat Reidar Andresen kome til ein heilt ny konklusjon når det gjeld vedtaket i forhold til retningslinjene for RDA-midlar. Dette gjer han etter avklarande opplysningar om at det er bryggeleverandøren som har lagt bryggene ut for eiga rekning og risiko, og at kjøpar blir medlem etter at brygga er betalt til leverandøren.

Vidare kjem det fram at det aldri har vore aktuelt å ha båtplassar på den flytande moloen, men at moloen berre skal vere for gjester og rekreasjon.

Jensholmen Nord synest såleis ikkje å ha noko form for næringsdrivande verksemd, og i alle tilfelle ikkje tilknytta den aktuelle moloen som det er tale om RDA-tilskot til, slår Andresen fast.

Med bakgrunn i dette synest det ikkje som om utbygginga av molen er eit bedriftsretta tiltak, konkluderer han.

Også fylkeskommunen har vurdert vedtaket og kome til at det ikkje er noko i vegen for å gi RDA-støtte til moloen. Moloen blir no sett på som eit tilretteleggande tiltak, der RDA-midlar kan nyttast som einasate finanseringskjelde.

Maks 200.000 euro

Problemet som då står igjen er ikkje større enn at EØS-regelverket avgrensar slike kommunale tilskot til 200.000 euro.

Rådmannen si tilråding blir etter dette å avgrense tildelinga til 200.000 euro, noko som etter dagens kurs er nær opp til den storleiken på tilskotet som komiteen tidlegare har vedteke at Jensholmen Nord skal få.