Det seier skipper Hilde Iren Jakobsen om bord i bilferja Kvam, som trafikkerer Larsnes-sambandet.

Utfordringa er at det stundom føregår bading like ved ferjekaia når ferja kjem til kai, ligg ved kai eller går frå kai.

– I år har det ikkje vore så stort problem, men før har vi faktisk måtte snakke til enkelte som badar medan vi køyrer til eller frå kai. Det er rett og slett farleg, seier Jakobsen.

Ho legg til at det også har hendt at born eller ungdom har nytta straumen i propellvatnet som ein del av leiken.

– Det er vår store frykt at det skal skje ei ulukke her, så vi må berre gå ut og opplyse om dette, - også slik at dei føresette eventuelt kan ta ein prat med dei unge.

Siste dagane har det kome tips til avisa om mykje forsøpling i kroken like ved ferjekaia, berre nokre veker etter at det var ein stor ryddeaksjon langs strendene på Larsnes.

– For oss er sikkerheita viktigare. Folk må gjerne bade, og vi veit at det er ein del ungdom som hoppar frå kaia like ved ferjekaia. Men unngå slik aktivitet når ferja er i sving, avsluttar ein elles sommarblid ferjeskipper på bilferja «Kvam».