Slik konkluderer advokat Reidar Andresen etter å ha vurdert ein klage som er innlevert på barnevernet i Herøy.
Skandale-oppslag
Bakgrunnen for saka er eit skandaleoppslag i nettavisa Bodøposten.no tidlegare i år, der Herøy blir framheva som ein kommune som bryt menneskerettane i barnevernsamanheng. Denne konklusjonen er det menneskerettsjurist Marius Reikerås som har kome til etter ein dialog med barnevernleiaren i Herøy.
Påstanden om at Herøy bryt menneskerettane byggjer på fylgjande svar som Reikerås har fått frå barnevernleiaren i kommunen: «Menneskerettslova er ei lov som skal beskytte menneskerettigheiter og den grunnleggande fridomen. Dette lovverket ligg ikkje under vårt virke».
Tilsvarande anklagar er framsette av Lillian Roppen og Noralf Aunan overfor Hareid, Hornindal, Ulstein, Volda og Ørsta kommunar og deira interkommunale barnevernsamarbeid. Aunan er leiar av Foreningen for bedring av rettssikkerheten.
Advokat Reidar Andersen bistår også desse kommunane i same sak.
Blir ivaretekne
Det er rådmann Olaus-Jon Kopperstad som har bede om kommuneadvokaten si vurdering av ein del problemstillingar som Noralf Aunan reiser i saka. Eit sentralt spørsmål er om barneverntenesta pliktar å gjere ei konkret vurdering av alle barnevernsaker opp mot menneskerettane og andre lover og konvensjonar, i tillegg til barnevernlova.
Herøy kommunen sitt syn er at desse vurderingane er ivaretekne i barnevernlova, og får medhald hos kommuneadvokaten på det. Andresen skriv:
«Min vurdering generelt og konkret, på vegner av Herøy kommune er at vurderingene som gjøres i barnevernsakene ivaretar dette. Herunder er det min vurdering og erfaring at fylkesnemnder, tingretter, lagmannsretter og Høyesterett til enhver tid hensynstar den praksis som måtte komme fra Den europeiske menneskrettighetsdomstol samt andre relevante kontrollorganer».
Grei avklaring
Rådmann Kopperstad synest det er veldig greitt å få ei slik avklaring frå kommuneadvokaten.
– Den fortel oss at vi er på rimeleg trygg grunn på måten vi behandlar sakene, og denne konklusjonen kjem vi til å forhalde oss til, seier han.