Det blæs godt i festivalteltet då Knut Arne Høyvik fortalde om oppveksten og den første tida hans som fiskar. Pengar tente Knut Arne frå første dag, men han, som alle andre, lengta etter å kome heim – ikkje minst til kameratgjengen, damer og fest. Det var ikkje alltid så mange dagar mellom fisketurane, så det hasta litt med å kome seg ut på livet. Problemet var at lukta av brosme gjorde han meir attraktiv for kattar og måsar enn for jenter. Etter vekevis utan moglegheiter for å dusje, var han nærast desperat etter såpe og vatn, for å kunne gjere seg rein og fin og lukte godt.

Dei unge kvinnene såg ut som ballettdansarinner, der dei elegant fór av garde med sine florlette sommarkjolar.

– Vi visste sjølvsagt at det stinka fisk av oss. Men når vi endeleg fekk dusja og kjøpt oss Pall Mall med filter, som vi hadde i skjortelomma, følte vi oss som kongar, smilte Høyvik.

Dei eldre nikka og smilte attkjennande til kåsøren sine skildringar av fiske og fangst, og den håpefulle jakta på ein kjærast.

Og Runde hadde sin plass, både på tur og retur, for herøyfiskarane. På heimtur kom det støtt spørsmål i styrehuset:

– Ser ikkje vi Runde snart?

Såg dei Runde, var dei praktisk talt heime, visste dei.

Det populære Runde-spelet

Etter å ha metta seg på suppe, kaffi, svele, kaker og kåseri inne i festivalteltet, var både store og små klare for å oppleve årets versjon av «Sogå om Rondagollje». Som ein av rundeværingane uttrykte om dette minispelet: – Kvart einaste ord er sant!

Ei svart skute frå Spania klarte seg ikkje i ein storm for 430 år sidan, og spanjolane fyrte opp kanonane sine for å varsle folk på land at dei trengde hjelp. Seinare gjekk den nederlandske skuta Akerendam ned med ei stor last av gull- og sølvmyntar. Dette var ukjent for folk flest heilt til nokre sportsdykkarar kom over rikdommane i 1972. Funnet bidrog til klondykestemning for amatørdykkarar og andre som drøymde om å gjere det store gullfunnet.

«Sogå om Rondegollje» er både barnevennleg og interessant; der er små endringar i manuskriptet frå år til år, og det er ingen tvil om at der framleis er hendingar og historier som enno ikkje har blitt fortalt. Men kanskje får vi desse servert ved neste runde?