Bakgrunnen var fleirdelt: Ein kombinasjon av generasjonsskifte, spelarar som av ulike årsake flytta og/eller ville ha andre utfordringar, og – fæle januarstormar som påverka treningsoppmøtet.

I Sande har dei ikkje fotballhallar der ein kan trene tørt og under tak, så dette kan faktisk ha vore medverkande til at LGFK-skipet hadde tidenes dårlegaste oppstart i år.

Den nytilsette trenaren gjekk ut og sa han ikkje visste kvar spelarane hadde gjort av seg. Så trekte han seg. Seinare har vi fått kjennskap til at eit par av spelarane har gått til Bergsøy, og det har framleis vore heller labert treningsoppmøte i dei stadig gjentakande kulingbygene på River Plate stadion.

Men no kjem gladmeldinga om at Larsnes/Gursken likevel blir å finne i 4.-divisjon i år, etter ein lokal bergingsoperasjon der det særskilt er krefter i Gursken og Gjerdsvika som har stått på for å finne ei god løysing. Veldig bra! Rykta tok til å gå allereie etter sesongslutt i fjor om at det kunne bli vanskeleg å stille lag for LGFK.

Slike rykte kan ofte bli omgjorde til halvsanningar og sanningar. Dermed kan dei bli ei ekstra belasting i sesongførebuingane for ein klubb som naturleg nok ikkje har mellom dei største stallane i 4.-divisjon.

Vi ynskjer Bergsøy og Larsnes/Gursken lukke til i årets 4.-divisjon. To klubbar som før denne sesongen kjem til å ha vidt ulike utgangspunkt. Men alle kampar startar som kjent på 0-0, og det å vere underdog vil nok passe klubben som nærast ved eit mirakel gjenoppstår like før påska 2022.

Vi håpar på framleis gode sesongførebuingar til alle store og små fotballspelarar i vårt distrikt, og måtte no denne hersens snøen smelte!