10.000 liter mjølk fordelt på ulike butikkar på Austlandet har blitt distribuerte med korken som er den første av sitt slag. Når du no skrur av korken, vil han henga fast på kartongen.

– Tine er ein av Noregs største emballasjebrukarar, derfor har me òg eit stort miljøansvar. Me lever av naturen, og all innovasjon som kan redusera omfanget av plastavfall på fastland eller hav, kjem miljøet til gode, seier berekraftsrådgjevar i Tine Elisabeth von Krogh i ei pressemelding.

Ho understrekar at bedrifta er i ein fase der ein testar ut korleis den nye løysinga fungerer både i produksjon, og ute på marknaden.

– I fjor bytte me til papirsugerøyr og bambusskeier, noko som reduserte plastforbruket med 87 tonn plast per år. Me reduserte òg tjukkleiken av emballasjen på skiva ost med tolv prosent. I rømmebegera har me over 50 prosent resirkulert plast, noko som har redusert bruken av ny plast med 150 tonn per år.

Von Krogh håpar at prøveløysinga kan inspirera andre store plastforbrukarar til å gjera liknande tiltak.

(©NPK)