Maria Sporstøl Leine, leiar i Fosnavåg handelsforeining, og Vivan Håkonsholm frå A. Sævik inviterer i år, som i fjor, til ein festdag i Fosnavåg sentrum.

– Vi pyntar butikkane, og det blir liv og røre i sentrum. Temaet vil vere raudt, kvitt og blått, seier damene.

Moteshow i Ytrehornlokala

Eit anna element frå fjorårets festdag i sentrum, som også blir å oppleve i år er moteshowet. Til forskjell frå i fjor er det i år flytta innandørs.

– I år blir det moteshow i Ytrehorn-lokala, seier Sporstøl Leine.

Etter moteshowet vil feststemninga halde fram i Fosnavåg sentrum.

– Då blir det utdeling av gratis is og ballongar til borna ved fontena, seier Sporstøl Leine og Håkonsholm.