Mørenett har hatt ein hektisk natt med å handtere ei rekkje straumbrot i heile distriktet som følgje av sterk vind, kraftige regnbyger og lynnedslag nyttårsaftan. Mellom anna var det straumalust i området Bergsøy til Nerlandsøy. Det gjekk spesielt hardt utover Sunnmørsbadet.

-  Vi opna ein time seinare i dag på grunn av ein elektrisk feil på anlegget vårt, opplyser dagleg leiar Karl Petter Sortehaug ved Sunnmørsbadet til Vestlandsnytt tysdag føremiddag.

­- Det var ein konsekvens av ein svidd trafo i området, held han fram.

Grunnen til at badelandet i det heile tatt kunne opne tysdag, var at Mørenett fekk på plass ein eigen trafo for anledninga.

- Det effektive arbeidet til Mørenett gjorde at vi klarte å ha ein nokon lunde temperatur i bassenget, seier Sortehaug.

Hektisk natt

- Det har kome inn meldingar om feil på straumnettet jamt og trutt gjennom heile natta. No skal der elles vere straum overalt i Herøy og Sande, opplyser driftsleiaren i Mørenett til Vestlandsnytt.

Herjing på Leinøya

Ei mønepanne var riven av ei løde på Voldsund, som gjorde at taket vart delvis flerra av.

150-200 meter lenger borte i vegen, på Leite, hadde ei campingvogn velta.

I same område har dessutan ein rosebusk fare med vinden!

Veit du om fleire konsekvensar av nyårsvêret? Tips oss og gjerne og send bilde til redaksjon@vestlandsnytt.no / 938 72 330.