– Den store nedgangen skuldast at det er fleire svært dårlege årsklassar som er på veg inn i gytebestanden. Det kjem til å gi ein etter måten stor nedgang i storleiken på gytebestanden av nordsjøsild, forklarar Cecilie Kvammen.

Ho er bestandsansvarleg for nordsjøsilda ved Havforskingsinstituttet, og trur ikkje den store nedgangen kjem overraskande på dei som har følgd med på utviklinga i nordsjøsildbestanden.

– Dei siste åra har ein hatt stabilt store kvotar på nordsjøsild, samtidig med at rekrutteringa har vore dårleg over fleire år. Det må få konsekvensar for uttaket, legg Kvammen til.

Kvoterådet for 2019 er på 311.572 tonn. Det betyr, om ein samanliknar med årets avtale om 600.588 tonn, nesten ei halvering av totalkvoten for 2019.

Har stilt spørsmål

Adm.dir. Audun Maråk i Fiskebåt seier at bortimot ei halvering av kvoten er kraftig kost, sjølv om ein nedgang var forventa.

– Tilgjengelegheita har lenge vore dårleg, og difor har både norske fiskarar og fiskarar frå andre land stilt spørsmål ved det høge kvotenivået vi har hatt på denne bestanden.

Vil ha utjamning

No vil Fiskebåt jobbe med løysingar for å få jamna ut noko av desse store endringane frå eitt år til eit anna.

– Slike store endringar er heilt klart ikkje bra for marknaden heller, men dette er uansett løysingar som må vere gjort i fellesskap med avtalepartnaren EU for nordsjøsild, seier Maråk.

At tilgjengelegheita er dårleg kjem også klart fram av innmeldingane til Sildelaget etter at fisket kom i gang. Sjølv om kvantumet blei brukbart sist veke, har det svinga frå 900 til nesten 3900 tonn for dag.

Totalt blei det innmeldt 15.900 tonn sist veke frå dei 56 fartøya som då var i sving. Desse melde inn i underkant av 120 ulike fangstar.

Stor innsats for lite

Når ein då veit at dei fleste fangstane består av frå tre til sju-åtte kast, er innsatsen stor for å få fisk på tankane, skriv Sildelaget i meldinga om «Fiskets gang» sist veke.

Så langt denne veka har innmeldingane lege på mellom 1400 og 2400 tonn. 13 tonn onsdag kveld og 18 tonn torsdag morgon er ikkje mykje for ein båt som Smaragd.