Mang ein gong har eg stått med flaska i handa, og motvillig ført henne opp åt munnen med svært skjelvande hand. Inne i meg ville eg ikkje drikke, eg ville være edru og klar, men krafta i russuget var for sterk, så eg tapte gong på gong. Kvar gong eg drakk frå flaska i den skjelvande handa, vart sjølvtilliten råka av eit nytt knyttneveslag, og eg klarte ikkje å stoppe.
I mi familie var vi fleire som rusa oss på ulike måtar, og misbruk av rus var som ei forbanning vi levde med. Relasjonar til familie og vener vart svært råka med negative ringverknadar.
Eg var 14 år då eg starta med å reise på sjøen. Sjølivet har vore arbeidet mitt i alle år. Eg vart edru når eg var på havet, men straks eg kom i land byrja eg å drikke. Alkohol gøymde eg på dei mest finurlege plassane, og når eg hadde stifta familie drakk eg når kona sov eller så snart det var eit høve.
Eg er heldig med helsa og var sjømann heile 46 år, så på den måten låg eg ikkje nede for rus. Men eg var svært avhengig av alkohol når eg var heime.
Jula i 2016 kom vendinga. Ikkje fordi eg planla det, men fordi ei anna kraft styrte det. Først fekk eg telefon frå dotter mi om at dei ynskte å feire jul saman med meg. Eg hadde feira jul med alkohol og svirebrør dei siste åra. No kunne eg få feire med born og barnebarn, men vilkåret var at eg var edru. Så ringte eks-kona mi og sa det same. Jula kom, eg turka opp og feira ei jul med vakre verdiar for første gong på mange år. Eg såg barnebarna mine i glede over all godheita i jula. Tenk for ein verdi å få oppleve dette etter alle åra med rus.
1. Juledag gjekk eg meg ein lang tur, og brått høyrde eg ei klår stemme seie: «Du må reise til Evangeliesenteret og få hjelp». Eg blei svært overraska, men eg vart også sikker på at dette må eg gjere. Når eg kom tilbake til huset, så kontakta eg ein slektning som hjelpte meg til Fjordtun Inntak, og der vart eg møtt av dei flottaste menneske du kan tenke deg. Varme, kjærleik og likeverd var det eg opplevde. Etter fire dagar fekk eg kome til Varna Evangeliesenter, og eg fekk oppleve fleire herlege medmenneske.
Mor mi var ei truande dame, og ho bad for oss heile livet. Når eg høyrde stemma på turen 1. Juledag var eg heilt sikker på at dette var Jesus som tala til meg, og etter meir enn 2 år med kvardagar, er eg sikrare enn nokon gong. Dagane kan framleis være vanskelege, men eg har kome i ei teneste som betyr svært mykje.
I Ålesund er der noko som heiter Suppebilen, og vi har også ein båt som heiter Parat. Vi hjelper andre som har det vanskeleg, og vi opplever fantastiske ting i dette arbeidet. Vi har både matsponsorar, dieselsponsorar og økonomiske sponsorar. Og det er veldig verdifult for meg å være med å hjelpe menneske som ikkje har det godt. I vår skal vi legge ut på tur frå Ålesund til Lofoten for å hjelpe andre som har det vanskeleg av ulike årsaker. Oftast er det på grunn av rus.
Evangeliesenteret vil kome til Ålesund og vitje oss i mai, dersom alt går etter planen. Dette er noko vi verkeleg gler oss til.
I mars månad kjem Evangeliesenteret til Sunnmøre med heile 18-20 personar. Dei skal bu på Kjeldsund, og dei skal vitje Herøy, Ulstein, Ørsta og Volda. Eg er ein særs takksam mann for den hjelpa og omsorga eg opplevde då eg var på, og reiste med, Evangeliesenteret. Det har berga livet mitt.
No står eg fram med namn, og eg ber deg som les dette om å kome ilag med andre på møta i mars. Meir enn 25.000 rusbrukarar har fått hjelp i dei 35 år sia Lise og Ludvig Karlsen starta i 1981. På kvar samling vil du få høyre nye historier frå personar som har røyst seg opp frå rusen. Ikkje eit einaste tilfelle er håplaust, og det vil du få høyre mykje om når sentergjengen kjem.
Steinar Vilnes