– No har vi valet. Vi kan gjere ei lita oppgradering og angre på at vi ikkje gjorde meir i etterkant, eller skal vi bygge eit anlegg som rustar idrettslaget for ei framtid som eit skikkeleg breiddeidrettslag?

Slik lyder resonnementa rundt bordet då Vestlandsnytt møter representantar frå Moltustranda IL, på klubbhuset ved grendehuset på Moltu. Rundt bordet sit Stig Moltu, dagleg leiar, Roar Arnesen, friidrettsleiar, og Per Ståle Moltu, tidlegare friidrettstrenar. Dei tre har invitert lokalavisa på besøk for å snakke om ei ny og spennande storsatsing rundt idrettslaget i bygda.

Kunstgras og løpebane

Sidan 2012 har Moltu IL planlagt ei ny kunstgrasbane. Eit prosjekt som no omsider ligg i startgropa, men som sidan då har fått nokre nye tilføyingar. Moltu finn fram ei prosjekt-teikning og syner oss ambisjonane.

– I tillegg til den planlagde kunstgrasbana har vi no planar om å bygge ei seks-felts-sprintbane med 60 m, 100 m og 110 m hekk og fire løpebaner på 230 meter rundt fotballbana. I tillegg legger vi også opp til øvingar som kule, lengde og høgdehopp, fortel Moltu.

Auka interesse for friidrett

– Vi har opplevd ein enorm interesse for friidrett i Moltustranda IL. I år starta vi opp med friidrett for 1–8 klasse. På grunn av stor pågang og for dårlege fasilitetar, har vi måtte sagt nei til fleire folk, også frå nabobygdene, seier Arnesen.

– Og det var då vi fekk ideen om at vi burde gjere noko meir enn berre å bygge ut ei kunstgrasbane, legg Stig Moltu til.

Begge er samde i at Moltustranda IL er nøydde til å vere noko meir enn berre ein fotballklubb.

– Vi har veldig mykje flotte fotballtilbod i kommunen, men vi manglar litt meir satsing på alternativ som for eksempel friidrett, forklarar dei to.

– Og dessutan er det viktig at vi satsar på idretten i bygdene også, då dette kan drage fleire tilflyttarar til bygda, legg Per Ståle Moltu til.

Han trur at ei slik satsing også vil gjere at fleire vil sjå til Moltustranda IL og deira tilbod. Dette fordi han sjølv har erfart kor populært ei slik satsing kan bli. Tilbake på 80-talet var han nemleg primus motor bak ei friidrett-satsing på Moltu.

– Eg trur vi på det meste var nærare 42 på treningane, 20 til vanleg. Vi gjorde det ganske bra også. Vi reiste på stemner og hadde fleire konkurransedyktige utøvarar som markerte seg, fortel Per Ståle. Etter kvart dabba det dessverre av, då det vart for tidkrevjande å halde fram.

Finansiering som utfordring

Så det skal ikkje stå på vilja og engasjementet. Slik gjengen ser det, er det berre det finansielle som kan bli ei utfordring. Men når det skal seiast, er dei allereie godt på veg.

– Vi har allereie fått RDA-midlar, og hovudsponsoren vår, Sparebanken Møre, hjelper oss med ein betydeleg sum. Det neste som no står for tur er å få på plass resten.

Moltustranda IL har allereie inne søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning som ligg klar til politisk behandling, neste steg er søknad om spelemidlar. For denne type anlegg, også kalla «frifot», har departementet opna for meir støtte enn på eit ordinært fotball eller friidrettsanlegg.

Men sjølv med slik støtte vil ein måtte hale i land endå litt meir midlar. Her ser Moltustranda IL til korleis River Plate stadion, i Gursken, har løyst det med at privatpersonar og bedrifter kan kjøpe seg inn i idrettsanlegget.

– Eg håpar på at her er vilje og moglegheiter lokalt, forklarar Moltu, som sjølv kjenner fleire interessentar for prosjektet.

– Om vi kan få innvilga søknaden og støtte frå private og bedrifter, kan vi verkeleg sette spaden i jorda, seier Stig Moltu.

Og satsinga stoppar ikkje der

Når alt dette er sagt, har Moltu IL også endå større ambisjonar i horisonten.

– Utan at vi vil seie for mykje, so kan vi seie at vi har enorme potensial med det arealet som vi har tilgjengeleg i området vårt. Vi har såleis ikkje tenkt å stoppe når vi har fått på plass den nye bana, seier Moltu.

Han ymtar mot at området kring grendehuset potensielt kan bli ein skikkeleg aktivitetspark, med eit mangfald av tilbod. Heilt i stil med «mosjons-imaget» som Moltustranda etter kvart har byrja å bygge seg opp gjennom mellom anna Mosjonfestivalen.

– Men alt til sin tid. Ein ting er iallfall heilt sikkert, det skal ikkje stå på viljen, avsluttar gjengen.