Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling, og medlem av styringsgruppa for skipstunnelen, er naturlegvis overtydd over denne nyheita.

– Ja, dette blir som eit startskot for tunnelen. 20 millionar er ikkje den fulle summen som Kystverket hadde håpa på, men det er nok til å starte på arbeidet med å klargjere plassen for utbygging, seier Gjelseth, og legg til:

– Dette er kjempebra.

Gjelseth seier det no berre står att å vente på Samferdselsdepartementet sender ei bestilling til Kystverket. Då kan dei kome i gang med prosessen med grunnkjøp, og sikrar å halde seg i rute i forhold til Nasjonal transportplan (NTP) der seinaste byggestart er sett til 2021. I Kystverket sitt handlingsprogram er anleggsstart også sett til 2021.

Mykje arbeid framføre seg

Det er ei heil rekke med førebuande aktivitet som no står føre. Bygging av Stad skipstunnel medfører at 20 grunneigarar blir direkte påverka. Av desse er der fem bebudde einebustadar som må rivast. Prosessen med å kjøpe ut grunnen vil kunne ta kring to år. I tillegg skal det verte etablert byggherreorganisasjon, og arkeologar skal gjere fleire utgravingar.

Lukkeleg styringsgruppe

Styringsgruppa for Stad skipstunnel er veldig tilfreds med gjennomslaget. I ei pressemelding har dei følgjande kommentar til nyheita:

– KrF viser med dette at dei prioriterer Stad skipstunnel, og at dei ynskjer å få fortgang i arbeidet med Stad skipstunnel. KrF har alltid vore ein viktig støttespelar for prosjektet.

– Babyen til KrF

Vestlandsnytt snakka denne veka med stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF) som har vore med å kjempa for dette gjennomslaget. Han roser spesielt lokale krefter og trekkjer fram Jan Helgøy og Per Sævik som viktige medspelarar i kampen.

– Det har vore tøffe tak og vi var i ei fase der det heldt på å ryke, men dette er på mange måtar KrF sin baby, og vi kjempa til «the bitter end», seier næringskomité-representanten.

– Med lys og lupe

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) er klar på at Stad skipstunnel skal byggast. Men etter at han såg kostnadsaukane i den siste kvalitetssikringa (KS2), utført av Atkins/Oslo Economics, konstaterer han at kostnadane må ned. Tunnelen er tilsynelatande blitt om lag ein milliard kroner dyrare i denne rapporten. Auka skuldast i hovudsak diskontering frå 2016- til 2018-kroner, og at dei har lagt på fleire usikkerheitsmarginer og påslag på kostnadene. Byggherrekostnadene er også økt betrakteleg.

Reiten ser seg einig i at ein må sjå over kostnadane, men meiner som Svein Gjelseth at der er faktorar ein ikkje har rekna med i KS2-rapporten. Korkje utsleppskutt, auka turisme eller effektane av hurtigbåtrute mellom Ålesund og Måløy er teke med i reknestykke.

– KS2 har ein del manglar, slik eg ser det, og vi må gå over med lys og lupe for å finne kostnadskutt, seier Reiten.

– Eg meiner vi i større grad må legge vekt også på den turistmagneten dette er. Skipstunnelen er ein døropnar for heile regionen, og argumentet for hurtigbåtrute mellom Ålesund og Bergen må fram i lyset igjen, seier Gjelseth.

Utsleppsspørsmålet er også heilt sentralt peikar dei to på og viser til Rolls-Royce sin nye rapport som konkluderer med at tunnelen vil føre til mindre tidsforbruk, redusert drivstoff-forbruk og lågare utslepp av klimagassar.