– Vi har fått inn nokre bod, seier advokat Jørund Knardal til Nett.no.

Fiskeindustrieigedomen skal seljast på tvangsauksjon etter krav frå Innovasjon Norge, skatteoppkrevjaren i Herøy og Skatt Midt-Norge. Taksten er 5,5 millionar kroner.

Det har ikkje vore nokon aktivitet på eigedomen etter at både driftsselskapet og salsselskapet til Sunsea blei slegne konkurs i fjor.

Advokat Knardal opplyser til næringslivsavisa at interesserte kan gi bod fram til fristen går ut i slutten av februar.