Kva går eigentleg eit barn gjennom når foreldra skil seg? Svaret er slett ikkje eintydig – for reaksjonen på denne livsendringa, som så mange barn må gjennom, er ulik for kvar enkelt. Men ein ting er sikkert:

– Skulehelsetenesta bruker mykje tid på barn og unge med skilde foreldre, seier Elisabeth Strand Slettestøl, leiar for førebyggande seksjon i Herøy kommune.

Auka satsing på psykisk helse

Bakgrunnen for etableringa av skilsmissegrupper i Herøy-skulen er at regjeringa, i 2017, løyvde midlar til å auke arbeidet med psykisk helse i skulen. Midlane er overførte til 2018.

I Herøy vert pengane nytta til styrking av helsestasjonen. I det høvet har kommunen engasjert vernepleiar Anne Ragnhild Roland, som har permisjon frå jobben ved Ulstein vgs. for å jobbe eit år med skilsmissegruppene i Herøy. Kvar veke vert ho med helsesøstrene Janne Skeide Eikrem og Mari Haugen Lunde rundt på skulane for å leie dei nemnde samtalegruppene.

– Tilbodet går ut på at barna får treffe andre med skilde foreldre. I gruppene vert dei utrusta med ord og omgrep, som gjer at dei får definert kjenslene sine, og kan snakke om dei. Dei får bearbeidd ting dei tenkjer på, som dei ikkje får snakka om elles, seier Roland.

Lojalitetsomsyn

Mange barn som opplever skilsmisse i heimen, har det sjølvsagt godt likevel.

– Men for nokre kan tida i forkant, med negativ stemning i huset, konfliktar under og i etterkant av ei skilsmisse, vere vanskeleg å takle. Lojalitetsomsyn til begge foreldra gjer at barnet kanskje vegrar seg for å stille spørsmål. Mange ubesvarte spørsmål kan verke forstyrrande og «okkupere» område i hjernen som skulle ha vore brukt til ting som planlegging og skulearbeid, seier Roland.

Dei vanskelege tankane kan dessutan gå utover barnet sin sosialkompetanse, hevdar ho:

– Barna har gjerne eit høgt stressnivå, som kan gjere at dei vert lett irriterte.

Ifølgje helsesøstrene vil barn som har opplevd skilsmisse også ha auka risiko for å få psykiske utfordringar seinare i livet.

Lærer av kvarandre

Dei barna som ikkje slit under eller etter ei skilsmisse, er faktisk like viktige for gruppa som dei som gjer det, ifølgje Roland.

– Ikkje alle har utfordringar, og nokre er flinke til å snakke om kjensler. Desse vert ein ressurs for dei som slit, seier ho.

Legg vekt på det positive

Skilsmissegruppene handlar slett ikkje berre å snakke om det som er vondt. Tvert imot:

– Alle veit at ein må vere aktiv for å kome i fysisk form, men ein kan også lade opp kroppen med gode kjensler for å kome i god «psykisk form». Måten å gjere det på er å gjere mange ting som gjer ein glad, og å vere saman med andre, så ein ikkje kjenner seg einsam. Då vert ein betre rusta til å takle motgang, seier Roland.

– Gode tilbakemeldingar

I førre skuleår gjennomførte 19 elevar skilsmissegruppe. Opplegget vart evaluert av både barn og lærarar. I oppsummeringa går det fram at over halvparten syntest det var lettare å snakke med foreldra etter å ha delteke i gruppe. Nokre skulle ønske at søsken eller andre i klassen hadde fått delta, og nokre syntest det var godt å få hjelp til å tenkje positive tankar. Lærarane meinte elevane var blitt positivt rolegare i klassemiljøet, og dei har sett at barna har gledd seg til å delta i gruppe.