Då skal det nemleg filmast på kommunestyremøta. Det heile skjer etter at eit samrøystes kommunestyre har sagt ja til initiativet frå Einar Ekroll og Venstre.

Ekroll hadde sendt framlegget inn i god tid før møtet i kommunstyret. På førehand hadde sekretær Tove C. Kvamme undersøkt litt korleis dei kringliggande kommunane praktiserer filminga.

Det syner seg at alle dei andre kommunane på Ytre Søre Sunnmøre praktiserer såkalla streaming frå møta i kommunestyra sine. Prisen varierer ein del, men vil nok hamne på 10.-20.000 kr i året driftsmessig, samt ein etableringskostnad.

– Få møter opp som publikum, men folk er veldig interesserte i kva som skjer på møta, sa Ekroll.

Bjørn Flatøy (Vest) og Camilla Vik (Ap) meinte dette auke den politisk interessa. Sistnemnde såg det også i samanheng med den nye digitaliseringsstrategien. Ho meinte det interkommunale IKT-selskapet SSIKT bør takast med i etableringsprosessen.

Planen er å innføre filming frå og med septembermøtet.