– Det vert litt som å lese høgt frå dagboka mi, seier Elise Nærø.

Ho skal nemleg syngje eigne songar. Dei er personlege.

– Musikken er eksklusiv med mykje groove og ærlege, opne tekstar. Dei som står nære meg har brukt å vere litt nervøse når eg kjem med nye låtar, for dei er redde for å bli utleverte. Og det gjer eg. Eg utleverer både meg sjølv og dei. Difor vert det ekstra spennande å opptre her heime, seier Elise.

Med fullt band

Til Fosnavåg har Elise med seg sine beste venner frå studietida.

– Alle er profesjonelle musikarar, som har spela i mange år. Vi brukte å opptre mykje i lag før, men aldri på desse trakter. Så hadde vi ein pause då eg fekk små ungar, og avstanden vart for stor. No er eg i gang med å reise igjen, og eg er veldig glad for å vere gjenforeina med bandet, seier Elise, som har hatt mange turar til Oslo for å «samle troppane» og øve med bandet den siste tida.

– Dette vert første gong vi spelar konsert saman på om lag seks år, seier ho.

«Gamle tekstar»

Elise seier ho gler seg til å vise fram dei «gamle» songane på heimebane.

– Vi har ikkje spela nord for Bergen, så det vert kjekt å vise fram dei låtane vi brukte å spele i lag, her heime. Nytt materiale vil kome seinare, seier ho.

Dei første songane skreiv Elise for heile ti år sidan.

– Eg har fått mykje meir livserfaring sidan eg opptredde med eigen muiskk sist, men ser at eg framleis kan stå for kjernen og verdiane i låtane. Songane tek meg tilbake til episodar og menneske eg har hatt i livet mitt, som kanskje ikkje er der lenger. Det vert som ein «Walk Down the Memory Lane», seier Elise.

Populær konsert

Nærare 300 billettar er allereie selde til konserten.

– Det er litt uvanleg at folk førehandsbestiller her oppe, så det er kjekt å sjå. Eg gler meg veldig til konserten og håper sjølvsagt at det vert heilt fullt, seier Elise Nærø.