Det vert alltid god stemning når ein har kjøpt kaffi og kaker og treårane klirrar mot bordplata. Då er basaren i gang. Der er mange fine gevinstar, og det er spennande å følgje med på om ein vinn.

Der er varierte tilbod med åresal, lynlodd, auksjon loddboka med meir.

Eit programinnslag av ei songgruppe frå Sande kantori blir ei fin feststund. Gled dykk. Dette er eit triveleg sosialt tilbod etter at julefeiringa er over.

Viktig er det sjølvsagt å få inn pengar til IOGT sitt arbeid for fråhald mot rusgifter og for fred i verda. Vi har ikkje vips eller kortterminal.

Alle er hjarteleg velkomne.