Gurskingen skriv til Sande kommune og minner om ein e-post han nyleg sende kommunen.
– I samband med vurdering av drikkevasskjelde for Gursken/Gjerdsvika er de svært viktig for dei som skal ta avgjersle om tema og store investeringar å få alle fakta på bordet, seier Wiik.
Han er oppteken av kva tid inntaksleidningen i Sæssvatnet sist var kontrollert. Det er viktig å vere trygg på at inntaket ligg nokre meter over botnen, med nytt flottørsystem som ein nyttar i dag, opplyser Wiik til kommunen.
Han strekar under at Mattilsynet aldri har sagt at dei ikkje godkjenner Sæssvatnet som drikkevasskjelde.
Wiik legg til at ein eventuell uttale om råvatn må vere basert på prøver direkte frå drikkevasskjelda.
– Med dagens reinseteknikk er det ikkje noko problem å reinse råvatn frå Sæssvatnet til godkjend kvalitet. Reinseanlegget på Holtane er berre å sanere og byggje nytt, legg Wiik til.
Han konkluderer dessutan med at kapasiteten er god nok, med god tilstrøyming av friskt vatn.