Ein 17 år gammal gut vart søndag kveld funne omkomme i nærleiken av Stryn sentrum. Kriseteamet i Stryn kommune er kontakta og vil etablere seg etter kvart. Pårørande er varsla, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Guten vart først meld sakna i 13-tida søndag ettermiddag. Kameratane hans melde han sakna etter Motorfestivalen som vart arrangert i bygda i helga. 17-åringen var sist observert i live natt til søndag mellom klokka 4 og 5. Frivillige leitemannskap vart kalla ut for å leite etter han. Klokka 20.58 kom meldinga om at guten var funnen omkommen i nærleiken av sentrum, og at leiteaksjonen vart avslutta. Mannskap frå Røde Kors, Norske redningshundar, Norsk Folkehjelp og lokalt brannvesen deltok i leitearbeidet.

Ifølgje Fjordingen vart 17-åringen funnen i vatnet.

Dødsfallet er kategorisert som mistenkjeleg og det er bestemt obduksjon, opplyser politiet til VG.

– Det er ikkje kome fram opplysningar på at den sakna har vore utsette for noko kriminelt, men politiet har sett i gang etterforsking på staden og held så langt alle moglegheiter opne, legg dei til.