Myrseth er oppvaksen i Hundeidvika i Sykkylven. Bestefaren hans, Mads, kom frå Joddagarden i Kvalsvika og han har ein god del nærslekt i Herøy.
Fotvaskinga som ideal
Norunn Stendal Aksnes som leia samtalen med Myrseth, meinte herøyværingane er stolte av å ha fått ein biskop som snakkar sunnmøring og som har røter i Herøy. Ho lurte likevel på om det er råd for ein gut frå Hundeidvika som er oppdregen i gudsfrykt med nøysemd å verte fortruleg med den pomp og prakt som følgjer med eit bispeembete.
– Det er eigentleg berre det store korset og den lilla skjorta som er att av attributtane til ein norsk biskop, og det lever eg godt med. Begge deler skal seie litt om kven biskopen er, også innanfor skjorta. Eg ønskjer å tene nedanfrå i staden for å herske ovanfrå. Alle hugsar at Jesus vaska føtene til læresveinane, og så bad han dei, og oss, om å gjere det same.
Myrseth køyrde buss og drosje i studietida for å hjelpe på økonomien. Der kom han i nærkontakt med menneske, og lærde mykje av det. På eit «smilekurs» for sjåførar vart dei innprenta utsegna til den tidlegare SAS-sjefen Janne Carlsson: «Riv pyramidane!». Det er ei påminning han også treng som biskop.
Far som «Årets skrønemakar»
Norunn ville vite korleis gudsbildet har endra seg frå han låg og kraup under benkene på Hundeidvik bedehus til han i dag går i prosesjon med bispekåpe.
– Far vart i si tid kåra til «Årets skrønemakar» i Sykkylven, men han var også søndagsskulelærar i 50 år. Begge deler prega oppveksten min. Eg møtte fromheit og gudsfrykt på bedehuset, eg lærte å ta ansvar i skulelaget, eg møtte Mariasøster-rørsla og Jesusvekkelsen og eg dreiv evangelisering under Moskva-OL i 1980. Eg var i grunnen eit ganske entusiastisk Jesus-vitne som var bestemt på å ofre utdanning og karriere for å vinne menneske for Gud.
Frå Hundeidvik bedehus til Tunsberg bispestol
Så kom Myrseth til eit punkt der han lengta etter ein stødigare basis for livet sitt. Han hadde ein kjekk og klok storebror som gav han gode råd, han begynte etter kvart å studere teologi, han opplevde ein raus og kjærleg Gud og han opplevde nattverden på ein ny måte.
– Eg måtte vedgå at eg forstod mindre av Gud då enn eg gjorde som tenåring heime i Hundeidvika, men eg kom likevel til at eg skulle verte prest!
Homofilispørsmålet handlar ikkje om bibeltruskap
Den nye biskopen måtte også forsvare synet sitt på homofilt samliv. Han er av dei i kyrkja som vier homofile par og vedgår at det er krevjande å forklare kvifor.
– Muslimane har eit heilt bokstavtru forhold til Koranen. For oss er ikkje Bibelen ei ufeilbarleg historiebok. Poenget med Bibelen er å vise oss vegen til barnet i krubba. Eg meiner at homofilispørsmålet er eit spørsmål om diakoni og etikk heller enn eit spørsmål om bibeltruskap. Mange homofile kan fortelje om smertelege erfaringar frå kyrkja og frå kristelege miljø. Det viser at vi i kyrkja ikkje kan kvile før vi greier å vise at alle menneske har same verdi.
Kveldsmessa, som var godt besøkt, var denne gongen flytta til føremiddagstid av praktiske grunnar. Herøy kyrkjekor og Sande Kantori deltok med nydeleg song, og i ofring kom det inn 9.000 kr til kyrkjemusikalsk arbeid i kyrkjelyden.