Denne vesle skapningen kan vi møte frå Lindesnes i Sør til Nordkapp i Nord og frå havnivå til fjellandskap 1000 m.o.h.

Nesten fisk

I mai vert rumpetroll klekte i rolege dammar og tjern over heile landet. Dette er larvestadiet til frosken. Det vil seie at dei er vesentleg forskjellige frå dei vaksne individa både på utsjånad og kroppslege funksjonar.

Det unge rumpetrollet minner litt om ein fisk. Blodomlaupet deira har same arkitektur som det vi finn hos fiskar, og dei tek til seg oksygen via gjeller. I tillegg til gjellene kan rumpetrollet ta til seg oksygen gjennom huda.

Gjennom dei neste to månadene endrar blodomlaupet og tarmsystemet til rumpetrollet seg. Han utviklar lunger og gjellene forsvinn. Utanfor kroppen skjer det også store forandringar. Halen blir absorbert og brukt til «byggmateriale» for armar og bein. I slutten av juli er rumpetrollet borte og ein liten frosk kravlar på land.

Om sommaren kan vi ofte sjå froskar som hoppar rundt i landskapet, men om vinteren overvintrar dei på botnen av eit vatn. Etter 2–3 år vender frosken attende til dammen der han kom til verda for å få fram ein ny generasjon buttsnutefroskar.

Eit liv på begge sider

Frosken kan puste gjennom huda både under vatn og på land. Den spesielle huda er eit fellestrekk hos amfibiene.

Ordet «amphibios» er gresk og tyder «liv på begge sider». Amfibia er avhengig av å halde huda fuktig. Om ho tørkar ut kan den ikkje ta til seg oksygen og dyret blir dermed kvelt, sjølv om mange i tillegg har utvikla lunger.

Frosken har utvikla relativt komplekse lunger som kan minne om våre eigne, men dei pustar på ein heilt annan måte. Først vil han senke botnen av munnen og opne strupen. Deretter opnar han nasen slik at den ekspanderte munnen vert fyll med luft. No trykkjer frosken saman munnen igjen og lufta blir trykt bak til lungene.

Sjølv om froskelår er sett på som ei delikatesse og kan minne om kylling på smak, er frosken – lik amfibier over heile verda – minkande i tal. I Noreg er alle amfibier og reptil freda.

Froskeegg: Desse egga tilhøyrer buttsnutefrosken. Til forskjell frå den veldig like spissnutefrosken flyt egga til buttsnutefrosken.