På ein av lugarane låg ein av mannskapet og sov. Det vedkomande ikkje visste, var at batteriladaren han hadde til lading på eit bord, var i ferd med å slå fyr. Brått gjekk brannalarmen om bord i fartøyet. Då den tilsette vakna, var det allereie full fyr. Brannen hadde også teke til å spreie seg til inventaret.
Olympic Delta låg på dette tidspunktet i arbeid i Aberdeen Offshore Windfarm i Nordsjøen.
Varslingsrutinane fungerte fint, og ved hjelp av brannslokkingsapparat var brannen sløkt. Mannskap/brannstyrke sette i gang med sikring og utlufting av den aktuelle lugaren, i fylgje ein rapport frå Sjøfartsdirektoratet.
Ventar på konklusjonen
Adm. dir. Stig Remøy i Olympic Subsea slår fast at varslingsrutinane om bord fungerte i den presumptivt svært dramatiske situasjonen.
- Det var ein batteriladar som tok fyr. Restane av denne vart raskt sende til tekniske undersøkingar, og produsenten hevdar dette aldri før har skjedd på deira utstyr. Vi får avvente den endelege konklusjonen, seier Remøy.
Han seier brannen i lugaren på Olympic Delta førte til at reiarlaget innførte ein straks-prosedyre med generelt forbod mot lading av elektriske og elektroniske apparat når mannskap søv.
- Vi ser jo til stadigheit av mobilar og anna utstyr tek fyr under lading. Det er all grunn til å åtvare mot slik praksis, til lands og til sjøs, seier Remøy til Vestlandsnytt.