Slik kommenterer Jensholmen-gründer Kåre Jensholm den positive vendinga som RDA-støttesaka til Jensholmen Nord no har fått. Utfordringa for båtlaget blir etter dette å fullfinansiere anlegget, som slik det er planlagt vil koste om lag fire millionar kroner.
Jensholm seier han no vil legge striden bak seg, men føler dette er ei sak som har vore trenert heile vegen frå kommuneadministrasjonen si side.
Fekk tidleg avklaring
Her legg han til grunn at kommunen, allereie før det fyrste vedtaket blei gjort, fekk stadfesta frå fylket at det ikkje var noko i vegen for å gi RDA-støtte til slike hamneanlegg. Dette blei avklara i ein e-post frå næringsavdelinga tidleg i 2016.
Heller ikkje EØS-stridig
– Ifylgje vår advokat, som er av dei fremste i landet på slike saker, er det heller ikkje noko i EØS-reglane som tilseier at dette tilskotet må avgrensast til 200.000 euro. Statsstøttereglane er heilt irrelevante for denne saka, påpeikar Jensholm.
På det grunnlaget stiller han seg undrande til at administrasjonen likevel har teke med denne avgrensinga i si nye tilråding.
– Det som skjedde før 6. februar i fjor er historie. Men saksbehandlinga som blei starta i etterkant av komiteen sitt støttevedtak meiner eg er heilt forkasteleg, seier Jensholm.
Vil krevje erstatning for tap
Jensholm viser til at den tida som har gått tapt sidan februar 2017 har fordyra prosjektet med om lag 200.000 kroner. Dette tapet kjem dei til å krevje erstatta, slik advokaten påpeikar dei har rett på å få.
Er ikkje dette reiseliv?
Slik Jensholm ser det, er det eigentleg Herøy næringsforum som har rota til det heile med si negative haldning til prosjektet heilt frå starten av. Dermed kan han stille spørsmål om ikkje denne satsinga på Jensholmen handlar omreiseliv.
– Her skal vi satse på å etablere eit anlegg med ein stor gjestemolo rett ved i hovudleia for småbåtar. Vi har eit anlegg som er ope for alle, med sanitæranlegg og annan infrastruktur, som ikkje minst appellerer til båtfolk frå indre strok som har lyst å kome seg ut på kysten. Viss ikkje dette er reiseliv, så veit ikkje eg, seier Jensholm med eit avsluttande hjartesukk.
Blir feil å skulde på administrasjonen
Rådmann Olaus-Jon Kopperstad meiner det blir heilt urimeleg å skulde administrasjonen for tidsbruken i Jenshomen-saka.
– Frå vår side har «sakene» omgåande blitt ekspederte vidare etter kvart som dei kom, understrekar Kopperstad.
Han viser til at notatet frå rådmannen, der ein del spørsmål blei tekne opp mellom anna om lovlegheita av tildelingsvedtaket, blei laga rett i etterkant av komiteen sitt vedtak.
– At kontrollutvalet og Fylkesmannen brukte fleire månader kvar på sine behandlingar har heller ingen ting med administrasjonen å gjere. Ei heller at tre politikarar valde å anke saka til Fylkesmannen etter at kontrollutvalet ikkje hadde noko avklaring å kome med, understrekar rådmannen.
Det einaste han må vedgå at administrasjonen kan kritiserast for, er at anken til Fylkesmannen blei liggande ein månad før den blei ekspedert.
– Dette må vi ta på vår kappe, og det har vi beklaga, seier Kopperstad.
Han viser til at då tilbakemeldinga frå Fylkesmannen endeleg kom, framleis like uavklara, blei saka straks send kommuneadvokaten for vurdering.
– Til sist var det båtlaget sjølv som måtte be om utsett frist for vurdering av kommuneadvokaten si vurdering. Også der gjekk det tid, seier Kopperstad.