Johan Moltu var som vanleg ute med Aquila og om bord sat fleire ivrige turistar og fotografar. Ein av dei var den svenske fotografen Benke Blom, han fekk knipsa eit par bilete av delfinflokken som han har sendt til Vestlandsnytt.

– Eit eksakt tal på kor mange der var, kan eg ikkje gi, men eg anslår at der var kring 20–30 i flokken. Dei kom ganske nær båten, 10–30 meters avstand, forklarar Moltu, som elles opplyser om at turistane likte det dei såg.

Kvitnos eller kvitskjeving?

Delfinane var svarte på ryggen, og med det vi kan tolke frå bileta som er sendt til Vestlandsnytt, var dei kvite og grå på magen. Fotograf Blom seier at han mistenker at delfinane kan vere av arten «vitsiding», eller kvitskjeving på norsk. Dette er også ei oppfatning som marinbiolog ved Runde miljøsenter, Roger Kvalsund, delar.

– Slik eg ser bileta, dei er litt vanskeleg å tyde, så er det to moglege artar som peikar seg ut. Det kan vere kvitskjeving, noko som for meg er mest nærliggande å tru, men dette kan også vere det vi kallar for ein kvitnos. Deira sterkaste karaktertrekk er dei kvite nasene, noko eg ikkje ser heilt tydeleg utifrå dei bileta eg har sett, seier marinbiologen, som sjølv fekk sett flokken meir på avstand.

– No har folk eit lite mysterium å løyse, er det kvitskjeving eller kvitnos, seier Kvalsund spørjande.

Ifølgje Havforskingsinstituttet vert både kvitnos og kvitskjeving omtala som springarar i daglegtalen. Det er fordi mange av artene i delfinfamilien liknar kvarandre, også i åtferd. Dei kan vere vanskelege å skilje frå kvarandre når ein ikkje har dei på nært hald. Kvitskjevingar blir maksimalt 2,5 m og 200 kg og kan leve opptil 40 år. Dei held til i heile Nord-Atlanteren, men ser ut til å føretrekke sokkelkantar mot djupare hav. Eit særtrekk ved denne er at den har ein stor gul/gulaktig flekk på flanken bak ryggfinnen og mot halen. Den er vanlegvis synleg når ein ser kvitskjevingen frå sida når den er oppe og pustar.

Kvitnosen kan bli litt lenger og tyngre, opptil 2,8 meter og 275 kg, med tilsvarande forventa levetid som kvitskjevingar. Også den held til i Nord-Atlanteren, fortrinnsvis over kontinentalsoklar og -kantar. ”Kvitnos” indikerer at denne delfinen har eit kvitfarga nebb, men det er likevel ikkje alltid tilfellet. Sett ovanfrå står den fram som grå-brunaktig med ein stor kvit eller lys flekk bak ryggfinnen som det sikraste arts kjennemerket ifølgje Havforskingsinstituttet. Den kjem svært ofte til båtar og rir på baugbølgja.