Fylkestinget har vedtatt investeringsprogram for fylkesvegar 2018–2027. I den står det oppført 20 millionar kroner til utarbeiding av ein gang- og sykkelveg på Leikong, mellom Djupvika og Nykrem.

I planen er det sett av 10 millionar for 2020, og tilsvarande sum det følgjande året. Dette indikerer at vegen kan stå ferdig i 2021. Men dette krev at kommunen er på «hogget», ifølgje Bjarne Kvalsvik.

– Ein slik økonomiplan kan endre seg. Derfor vil eg rå til å søkje om ei forskottering på midlane for å sikre prosjektet. Vi har ein god sjanse til å få til denne vegen, seier han.