Som paraplyorganisasjon er det Landsbyrådet, i samarbeid med andre lag og organisasjonar i bygdene, som står for denne tilskipinga.
Aktivitetane for Sumarsamkoma byggjer mykje på tidlegare tradisjonar under Larsnesdagane som Larsnes Idrettslag stod for. I år er idrettslaget 80 år og det vart markert med gratis kakefest under ballbinge-opninga laurdag. Sjølve jubileumsfeiringa for idrettslaget vert ut på hausten når det minkar på dei mange sommaraktivitetane rundt om.
Gamlebanken – Grillparty mm
Gamlebankens Ungdomsklubb stod sjølve for den alkoholfrie tilskipinga på Gamlebanken fredagskvelden. Om lag 40–50 ungdomar kosa seg med sandvolleyball, grilling med meir i og omkring det særeigne bygget som seinare i år skal markere sine 100 år.
Breidablik – Quiz
På Breidablik var det god stemning og godt med folk fredagskvelden under den populære quiz-tilskipinga.
Opning av mini ballbinge
Startskotet for Sumarsamkoma laurdag var opning av ein mini ballbinge ved sida av nyefløya på Larsnes Brygge. Lagsleiar for LIL, Einar Ekroll, takka for velvilje frå både sponsorar og mange andre involverte. Han orienterte om prosjektet og fortalde om eit høgt aktivitetsnivå for 80-åringen, Larsnes Idrettslag, som hadde hatt hovudansvaret for arbeidet med ballbingen. Etter opninga var det fotballturnering for dei minste.
Aktivitetar ved teltet:
Ved teltet vart ein ut på ettermiddagen laurdag møtt av mange som hadde fått seg knytt blomekransar av markblomar. Dette pynta opp under litt regntunge skyer og var eit opplegg som Larsnes Sogelag stod for. Ved badestranda kunne ein padle i kano, ro i ein gamal færing, eller flyte i bobla på sjøen. I teltet kunne ein få servering av fleire rettar. Tur med brannbilen og eit lite stykke med ulande sirener, var stas for borna.
Den nye sandstranda:
Fleire såg nok etter sanden som skulle ha vore komen på den nye sandstranda. Den hadde diverre vorte litt forseinka, og kjem visstnok ikkje før i neste veke. Opningsfesten for den vert truleg i august.
Fantetog og jonsok-brudepar:
Dei utkledde småborna var mange. Dei «aula og skråla» og studerte Karjolen med jonsok-brudeparet Linea Gulbrandsen og Justus B Gjerde lenge før toget skulle starte. Det var mange, både store og små, i festlege kostyme og utklednader.
Jonsoksjåvet
Under jonsoksjåvet hadde Trond Torset song- og musikkinnslag. Det var kapproing med gummibåt, plankequiz og bålbrenning. Gummibåt-årane knakk etter første tur over badevika, og vart erstatta med kraftigare saker. Dette innslaget engasjerte publikum som under kapproinga også kunne nyte det fine og spesielle solskinet frå vest mot regnskyene i søraust.
Larsnes-mila:
Larsnes-mila er eit mangeårig tiltak. Nokre går på tidtaking, men for dei aller fleste er det eit mosjonsløp der alle held god fart – for ingen ynskjer vel eigentleg å vere sistemann i mål.
Bygdevandring til Dalen:
I Larsnes Sogelag sin informasjon til bygdevandrarane står det at gardane i Dalen ligg i eit dalføre opp mot fjellmarka og grensar til Saude Ytre i vest og sør og til Kvalen i nordvest. Dalen høyrde til Herøy prestebol til 1845, då dei to brukarane løyste inn bruka sine og vart sjølveigarar. I gamal tid var bruka teigbytte, men i 1825 vart det halde utskifting på åker og eng. Dei to bruka fekk då innmarka si samla i eitt stykke. Husa, som stod på andre sin grunn, skulle flyttast innan tre år. Utmarka vart utskifta i 1911. Bruka grensar ikkje mot sjøen, men har naustrett ved Holmesundet.
Bra med folk møtte opp til bygdevandringa for å få med seg det som vart fortalt av ulike lokale guidar om daglegliv, busetnad, levesett og gardsdrift i dette «dalføret» som ligg eit stykke austover frå Larsnes kyrkje. I si tid hadde våningshusa på alle dei tre gardane brent ned, og dei materielle fylgjene for dei som budde der hadde naturleg nok vore store. Heldigvis hadde det gått bra med folket.
Avslutting på Breidablik:
Landsbyfolket avslutta Sumarsamkoma med god servering og interessant stormøte på Breidablik. Det vart leia av folk frå det 10-årige Landsbyrådet og hadde til intensjon å få fram kva samfunnstiltak Larsnes-folket vil prioritere i tida framover.
I sin eigen «appell» sa den engasjerte Trond Torset frå Landsbyrådet at bodskapen hans var at ein generelt bør vere oppteken av å ha ei smilande tilhøve til alle sine sambygdingar – det kostar ingenting! Den som kan, bør også stille opp og ta del i alle samfunnsoppgåver når det trengst.
For den som vil vite meir om landsbyen Larsnes, og kva som skjer der, vart det vist til ei nyoppretta, oppdatert og moderne nettside – larsnes.no
Sumarsamkoma på Larsnes i år vart godt motteken av publikum. Ein kan slå fast at mellom landsbyfolket er det svært mange resurspersonar som det er viktig å sleppe til med det dei kan – det heimelaga er best! I så måta kan ein runde av med å seie som ordtaket etter Ivar Aasen: «Ein kan det ein vil, når ein berre vil det ein kan».