Investeringsbudsjettet til Sande kommune vart tysdag vedteke, med nokre endringar i høve til rådmannen sitt framlegg. Først og fremst gjeld det Haugelia.

Barnehage-utvidinga i Haugsbygda har vore på trappane i mange år. No har kommunestyret flytta heile summen (9 mill. kr) inn på 2018-budsjettet.

– Samla lån er uendra. No satsar vi på ein snarleg oppstart i Haugelia, sa ordførar Dag Vaagen (H). Prosjektet treng aksept frå Fylkesmannen.

Det er gjort to andre budsjettendringar. Det er sett av 300.000 kr til grunnkjøp/bustadfelt i Gjerdsvika, samt at det er lagt inn 0,5 mill. kr meir til Gursken kyrkje i 2018, og 0,7 mill. til same føremål i 2019.