Kommunestyret bestemte før jul å opprette eit nytt servicetilbod for småbarnsfamiliar. Herøy kommune skriv på si nettside at tilbodet er meint som hjelp til å meistre kvardagen i eigen heim, og skal kunne settast i gong på kort varsel.

Tilbodet er aktuelt for dei som av ulike grunnar har særlege behov for bistand, for eksempel ved dødsfall, akutt sjukdom, eller spesielt krevjande familiesituasjonar. Ordninga tek sikte på å vare i inntil 2 månadar, og er tilgjengeleg kvardagar mellom 08-16.

Ordninga innførast med ei prøveperiode på 2 år