Det er nærliggande å tru at skulestrukturen i Sande ikkje vert endra til hausten. Vi er komne så langt ut i året at skulane må ha klare rammer rundt tilsettingar og andre omsyn før skulestarten i august.
Sande formannskap: Politikarane fekk ny informasjon om dei planlagde innsparingane i skule og pleie/omsorg. Nærast frå venstre og vidare rundt bordet ser vi Ruth Anita Hatlebrekke Rekdal (H), Einar Ekroll (V), Marion F. Bringsvor (Frp), Arnljot Muren (Ap), Arnfinn Hide (H), Anne Marte Beitveit (Sande vest), fungerande rådmann Oddbjørn Indregård og ordførar Dag Vaagen (H)..
Foto: Endre Vorren