– Det er no det skjer, er det ikkje?

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) visste godt kva som var i vente, då han introduserte sak nummer 76 i Herøy kommunestyre i år: Høyring – nasjonal ramme for vindkraft.

Goksøyr hadde nok då diskusjonen i formannskapet friskt i minne, der reaksjonane mot vindkraftutbygging på Sunnmøre både var mange, og også svært kritiske. Mellom anna uttalte Solveig Båtsvik (Frp) at det ville vere ein total destruksjon av faunen om det kom høge vindmøller på Gurskøya, Hareidlandet eller andre stadar i nærområdet.

Båtsvik var flammande engasjert også under kommunestyret si behandling av saka, og heldt ei lang tale der ho mellom anna siterte to forskarar, begge med ei klar nei-haldning til vindkraft.

– Samanliknar vi med Frihetsgudinnen (93 moh.) og Oslo Plaza (117 moh.) så er vindturbinane dobbelt så høge. Er det det vi vil ha på fjella våre, spurde Båtsvik avslutningsvis.

– Ei slik utbygging har mange sider

Fungerande varaordførar under kommunestyremøtet, Ole Brubakk (KrF), er fast representant i formannskapet. Men han var forhindra frå å møte då vindkraft blei debattert, og fekk dermed ikkje lagt fram si meining.

– Men eg har lest referatet frå formannskapet i avisa, og eg ser at det var veldig kompakt. Då må eg få kome med eit lite pip i andre retninga, innleia Brubakk.

Han gjorde det deretter klart at det på noverande tidspunkt berre er ein plan der NVE peikar på aktuelle område som ligg føre. Han såg derfor behov for å få saka meir greidd ut før han kunne gjere opp ei ordentleg meining.

– Men det er klart at ei slik utbygging har mange sider. Om det er skjemmande, det kjem an på auget som ser. Kraftutbygging blir sett på som skjemmande, men det fører jo til at ein får den energien ein gjerne vil ha. Vi treng det til mellom anna elbilar, sa Brubakk.

Han var heller ikkje sikker på om vindmøllene ville vere så skjemmande for turistane, og såg behov for å vente til dei konkrete planane kjem. For å understreke sitt poeng trekte Brubakk også fram skepsisen som var då dampbåtane kom, då det blei hevda at dei ville tømme havet for fisk.

– Mange vil ha det til at vi skal setje ein bom for at dette er noko vi ikkje vil ha, men det kan ikkje eg vere med på, avslutta Brubakk.

Brubakk røysta likevel for formannskapet si tilråding, i likskap med alle dei andre kommunestyrerepresentantane.

Dermed sender Herøy kommune inn dette svaret i høyringsprosessen:

«Herøy kommunestyre krev at området for landbasert og kystnær vindkraftutbygging på Sunnmøre vert teke ut av planen, og viser til innbyggarinitiativet om å seie nei til vindturbinar i Herøy kommune.»

Diskuterte vindmøller på havet

Kommunestyret i Herøy tok seg også tid til ein liten diskusjon om moglegheitene for vindmøller ute på havet. Per Kristian Furø (Ap) var den første til å ta opp temaet.

– Vi treng meir fornybar energi i framtida, då meir og meir blir elektrifisert. Utviklinga skjer fort, og då er heilt klart sol- og vindmølle kjelder til energi. Men eg trur vi skal gjere som mange andre, og få det langt ut i havet, sa Furø.

Dag Nærø (Frp) var overraska over utspelet.

– I ei av Norges største sjøfarts og industrikommunar så byrjar vi å snakke om vindkraft til sjøs. Det blir litt slik at så lenge vi får det så langt vekk frå land at vi ikkje kan sjå det, så er det gode greier. Men eg tenkjer at det ikkje er det, sa Nærø.

Furø var derimot sikker på at med godt samarbeid skal det la seg gjere.

– Eg trur at om ein samarbeider om havområda, så skal det vere rom for nokre vindmøller, avslutta Furø.