– Det har ved fleire høve vore dokumentert at utrykkingstida i dag er for lang, og dette har også ført til tap av menneskeliv ute på øyane.
Slik heiter det i eit innspel frå ambulansetenesta i Sande til helseføretaket og rådmannen.
Her vert det slått fast at lokalisering av ambulansebåt utan fast ambulansepersonell «utan tvil må vere på Larsnes».
– Taper 15 – 20 minutt
I dag er ambulansebåten fast stasjonert på Kvamsøya om natta. For å hente ambulansepersonell må båten difor over fjorden til Larsnes først, og deretter utover igjen til Voksa, Sandsøya eller Kvamsøya.
– Ved lokalisering på Larsnes kan utrykkingstida til øyane kortast med om lag 15–20 minutt, heiter det frå ambulansetenesta. Dei syner også til at lokaliseringsspørsmålet tidlegare har vore diskutert med legane i Sande, og at leganei fullt ut støttar spørsmålet om å flytte lokaliseringsstad til Larsnes.
– Dette kjem alle til gode, både fagleg og med tanke på tryggleiken for folket på øyane, skriv ambulansetenesta.
Ut på anbod igjen
Det skal no førebuast nytt anbod for ambulansebåtdrifta i Sande, eit tilbod som elles også skal vere tilgjengeleg for resten av regionen ved behov. I denne samanheng har ambulansetenesta i Sande også ein del andre innspel.
Særskilt knyter det seg utfordringar til ombordlasting av bårepasientar. Både på Kvamsøya og Voksa vert det føreteke slik lasting via baugen og frå sjølve ferjekaia.
– Dette er absolutt ikkje ønskjeleg fordi det medfører stor risiko både for pasientane, oss sjølve og medisinsk utstyr, heiter det frå ambulansetenesta. Dei omtalar ei slik lasting om lovstridig, i følgje Sjøfartsdirektoratet.
Deira konklusjon er at alle kaier skal vere godkjende for føremålet, og ferjekai skal nyttast berre i naudtilfelle.
Ønskjet er å laste pasientar inn sidevegen frå ei brygge utan betydeleg nivåforskjell. Ambulansetenesta har elles nokre innspel kring korleis dagens tre ambulansebåtkaier fungerer/ikkje fungerer.
– Må dokumenterast
Dagleg leiar Jarle Støylen i Sande Båtutleige AS seier seg svært overraska over delar av innhaldet i ambulansetenesta sitt innspel til helseføretaket.
– At lokaliseringa har ført til tap av menneskeliv er ein påstand som må dokumenterast, seier leiaren for selskapet som driv ambulansebåten.
– Det har verken selskapet eller mannskapet kjennskap om, legg han til. Heller ikkje når det gjeld utrykkingstida er Støylen på linje med det ambulansepersonellet seier:
– Skilnaden i utrykkingstid, vel å merke når båten ligg på Kvamsøya, er åtte – ni minutt. Det har også skjedd ofte at båten har gått til Larsnes, for så å måtte vente på at ambulansepersonellet kjem, legg han til.
– Vi som driv båten har ikkje så sterke synspunkt på om båten ligg her eller der, men saka har også ei økonomisk side, samt at ein må sjå denne diskusjonen i samanheng med omsynet til passasjertrafikken som båten også driv, seier Støylen.
Generelt er han glad for at ambulansepersonellet – til liks med reiarlaget – tek kampen for liggeplassane og kaiene.
– Men eg vil streke under at båten har oppfylt alle pålegg Sjøfartsdirektoratet stiller.
– Den nye løysinga med ambulansebåtkai på Larsnes er under einkvar kritikk. På same tid kjenner vi til dei svært utfordrande liggeforholda på Voksa. Begge desse utfordringane må reknast som hastesaker, for pasientane sitt beste, avsluttar dagleg leiar Jarle Støylen i Sande Båtutleige.
Har sendt brev
Etter avisa gjekk i trykken fekk vi ein kopi av eit brev frå Jarle Støylen ved Sande Båtutleige. Brevet har dei sendt til aktuelle instansar torsdag ettermiddag. I brevet står det (omsett til nynorsk):
«Vi er veldig glade for at også de engasjerer seg i å få betre forholda for ambulansetenesta med båt i kommunen. Vi har frå dag ein jobba for å forbetre forholda for om bord og i land setting av folk og båre. På Kvamsøya har vi i dag fått gode forhold. Her kan vi ta om bord og i land folk og båre, både frå baugen og på sida, men vi har aldri høyrt nemnt noko om at de vil bruke sida.
Våre skipperar og mannskap meiner dei har best kontroll når de får båra over baugen. Skipperen ser heile tida kva som skjer – kva om ein motor skulle stoppe – vi har to motorar i gang.
På Larsnes har vi etter lang kamp fått ny flytebrygge, men her har vi gitt kommunen ein del innspel på manglande rekkverk på kaia, og farlege forhold på grunn av snø og is.
På Voksa er der framleis eit kjempe problem. Ekstra ille har det blitt etter at dei tok vekk kledninga på ferje-leideren. Så langt har vi ikkje fått noko respons for betringar.
Dyktige folk både på land og om bord har gjort at dette så langt har gått utan uhell – bortsett frå mange skader på rekkverk og rekke på båt.
Når det gjeld båten, har den alle godkjenningar som skal til både for å ta folk inn og ut frå sida og i baug. For å plukke opp folk frå sjøen, har vi sjølvsagt lovpålagt utstyr (sulabøylen) – i tillegg har vi kosta eiga kran med båre som skal gjere dette arbeidet endå lettare. Vi har også fått bygga ein tilpassa leider, som vi kan henge på sida. Så her har vi mykje meir utstyr enn pålagt.
Vi har også fått ein del spørsmål frå båtar som ønskjer å kopiere krana vår.
Kvar båten skal ligge - i vårt anbod låg overnatting på Kvamsøy – det blei noko dyrare dersom vi skulle ligge på Larsnes. Det tar cirka åtte minutt lenger utrykkingstid om vi ligg på Kvamsøy eller på Larsnes. På dagtid fungerer det slik at vi ligg der siste oppdrag sluttar. Normalt ligg båten på Larsnes på dagtid dersom ein ikkje har skulekøyring.
Vi har ikkje i våre rapportar nokre hendingar der ei båre har velta over bord – vårt mannskap kan heller ikkje hugse eit slikt tilfelle.
At nokon pasient har døydd på grunn av sein utrykking har vi heller aldri høyrt om.»