Tysdag 19. juni inviterer Fosnavåg kino og Thon hotell Fosnavåg til kulinarisk kinovisning i konsertsalen. Då skal filmen «The Lunchbox» bli vist. Dette skjer samstundes med at det skal serverast ein tre-rettars middag, der menyen framleis er uviss.
– Vi trur og håper dette kan vere ei anna, men positiv oppleving, fortel arrangementsansvarleg Bjørn Holum og Anders Aarebrot, mat- og drikke- ansvarleg på Thon.
Mini-filmfestival
Visinga av denne filmen blir startskotet for den nye filmperle-klubben på Fosnavåg kino. Eit konsept som går ut på å vise både nye og gammle kvalitetsfilmar på Fosnavåg kino.
Det markerer også starten for ein minifestival med filmperler varar fram til søndag 24. juni.
Kalle Løchen, filmvitar og kulturformidlar, skal vere innleiar før den kulinariske kinovisninga av «The Luchbox». Han vil også informere om dei andre filmane som skal visast i løpet av desse dagane. Løchen har skrive i, og vore redaktør for tidsskrifta Z og Film & Kino. Han har vore kinosjef i Bærum og leiar av Cinemateket i Oslo.
Filmperler på ei snor
Dei andre filmane som skal visast denne veka er ei blanding av nytt og gamalt.
Onsdag blir filmen Cinema Paradiso vist. Det er ein film som kan reknast for å vere Giuseppe Tornatore sitt meisterverk om landsbykinoen. Den gjekk sin sigersgang verda over i 1989, og blei tildelt Oscar for beste utanlandske film. I tillegg fekk filmen tildelt juryens spesialpris i Cannes og «Gledessprederen» under filmfestivalen i Haugesund.
Torsdag blir filmen Phantom Thread vist. Det er ein film frå 2017 med stortalentet Daniel Day-Lewis i hovudrolla. Dette er ein ny film av Paul Thomas Anderson som har gjort filmar som Magnolia, There Will be Blood. Filmen fekk seks oscarnominasjonar.
Handlinga utspelar seg i London på 1950-talet, der ein fasjonabel moteskapar med namn Reynolds Woodcock kler opp byens sosietetskvinner. Han følger strenge sjølvpålagde rutinar, og sjølv om han er pikenes Jens, slepp han ingen innpå seg.
Fredag blir den oscarlønna filmen Shape of water vist, eit romantisk fantasy-drama regissert av Guillermo del Toro, med Sally Hawkins i hovudrolla. Bakteppet for filmen er den kalde krigen. Den einsame Elisa (Hawkins) jobbar som reinhaldar i eit laboratorium drevet av myndigheitene, og lever eit liv i isolasjon. Hennar liv forandrar seg for alltid då ho og hennar kollega Zelda (Octavia Spencer) kjem over eit topphemmeleg eksperiment på arbeidsplassen.
Søndag avsluttast veka med filmen Veronikas to liv av den kjende polske regissøren Kieslowski. Veronikas to liv er tilsynelatande ein film i to deler, med ein første del om polske Weronika og ein annan del om franske Veronique. Men samtidig har Kieslowski lagt alle føresetnader til rette for at dette skal vere ei heil oppleving som skildrar to parallelle liv. Ved fleire tilfelle går det klart fram at det finst bindingar mellom dei to kvinnene.
Filmperleklubb for alle
Bjørn Holum har dette å seie om det nye konseptet.
– Dette vil bli ein «perleklubb» for alle. Ein treng ikkje noko medlemskap, men Fosnavåg kino vil ha ein, eller fleire filmperler på plakaten i tida framover, fortel Holum, som gler seg til å utfordre folk sine kino-preferansar litt.
Holum og Aarebrot er begge begeistra for kvalitetsfilm. Dei ser også for seg vidare samarbeid om mat-kinokombinasjonen fell i smak.