Ifølgje inkassobyrået Lindorff stod 302 personar i Herøy registrert med ein eller fleire betalingsmerknadar ved utgangen av første kvartal. Dette utgjer 3,9 prosent av befolkninga, og er ei auke på 9,4 prosent frå same periode i fjor. Ved utgangen av første kvartal hadde husstandane til saman 112 millionar kroner i misleghalden gjeld. Kvar av dei 302 personane svarer no i gjennomsnitt for ei merka gjeld på 371.000 kroner.
– Det er snakk om alle typar gjeld, frå bruk av kredittkort og forbrukslån til bustadlån, og ubetalte telefonrekningar og straumrekningar, seier informasjonssjef Sverre Stenseng i Lindorff til Vestlandsnytt.
Langt over gjennomsnittet
Til samanlikning er 260.054 personar (5,7 prosent av befolkninga) no registrerte med betalingsmerknadar. Den prosentvise auken på misleghalden gjeld er likevel mykje høgare i Herøy (82,2 prosent) enn for landsgjennomsnittet.
– Den gjennomsnittlege auka i Noreg frå same periode i fjor, er på 11,9 prosent. Med andre ord er tala for Herøy veldig høge, seier Stenseng.
I Møre og Romsdal har berre fem andre kommunar hatt høgare prosentvis auke i betalingsmerknadar enn Herøy det siste året.
– Det gjeld Ørskog, Sandøy, Rauma, Giske og Volda, seier Stenseng.
Felles for mange av kommunane med høg prosentvis misleghalden gjeld, er at dei har få innbyggarar.
– Der vil verknaden av éin person til som får betalingsmerknad synest betre enn i større kommunar, seier administrerande direktør Siv Hjellegjerde Martinsen i Lindorff.
Kven skuldar pengar
Ifølge kommunikasjonssjef Stenseng er to tredjedelar av dei som får betalingsmerknadar på landsbasis menn.
– Det viser seg også at mange byrjar å få betalingsvanskar når de rundar 40 år. Då har ein gjerne meir gjeld, seier han.
Kva er ein betalingsmerknad
Medan ei inkassosak er ein faktura som ikkje er betalt etter purring, er ein betalingsmerknad ei rettsleg kjenning. Merknadane vert registrerte hos kredittopplysningsbyråa og vert sletta når ein gjer opp. Betalingsmerknadar kan medføre avslag på søknad om mellom anna bustadlån, kreditt og abonnement, noko som gjer at handlingsrommet for din privatøkonomi kan bli tydeleg avgrensa.
Hjellegjerde Martinsen oppfordrar alle som får problem til å ta kontakt med leverandørar og inkassoselskap for å forklare saka.
– Dei ein skyldar pengar til er ofte positive til å finne ei løysing, til dømes i form av betalingsutsetting, nedbetalingsavtale eller moglegheit for å returnere ei vare, seier ho.
– Betal dei små krava først
Til dei som opplever at problema tårnar seg opp har Hjellegjerde Martinsen eit konkret råd:
– Betal dei små krava først, slik at du slepp å få gebyr på dei. Det verste du gjer er å sende rekningane og andre krav frå kreditorar og inkassoselskap rett til papirgjenvinning. Når det då ein dag oppstår trekk direkte i lønna, er beløpet mykje høgare enn nødvendig, avsluttar Lindorff-sjefen.