Sjølvsagt er det dei som dagleg må ha siste nytt om konflikten i Midt-Austen, for ikkje å snakke om utviklinga i engelsk fotball. Somme hungrar etter å vite det seinaste Trump har late ut av seg. Andre er opptekne av flyktningstraumane og korleis det går med dei som tek store sjansar for å finne eit betre liv.

Forståeleg nok. Det er plenty med viktige og aktuelle saker rundt om i verda. All ære vere dei som ser lenger enn sin eigen nasetipp. Det er viktig vi ikkje vert altfor sjølvopptekne her på berget.

På ein augneblink kan du kople deg opp på eit webkamera og sjå bybildet i Nairobi eller New York. Du kan lese nettaviser frå New Zealand og skype gratis med folk på Fijiøyane. Sjølv om verda vert mindre og mindre, finst det eit uomtvisteleg faktum:

Folk vil ha lokale nyheiter.

Nyleg varsla Facebook at den neste oppdateringa i USA (seinare vert det overført til resten av verda) er å lyfte fram nyheiter frå lokale kjelder.

«Lokale nyheiter hjelper oss å forstå saker som er viktige i lokalsamfunnet og som påverkar livet vårt. Forsking antydar at det er ein direkte korrelasjon mellom det å lese lokale nyheiter og å delta i sivilsamfunnet», uttalar Facebook etter ei studiereise i USA.

For nokre år sidan var det distriktssending på TV frå klokka 18.40 til 19.00. Så vart det korta inn til eit kvarter. Då NRK etter nyttår innførte fire minutts distriktssending før Dagsrevyen, vart det rabalder. «Kvifor skal vi betale lisens no?», spurde enkelte, og kunngjorde dermed indirekte kva som er det viktigaste ein kan få med seg, – nemleg lokale nyheiter!

NRK kraup til korset og gav folk fem minutt ekstra. Ein liten siger for folket, sjølv om underteikna nok trur fleirtalet helst ønskjer seg ein halvtimes distriktssending frå 18.30 til 19.00. Det hadde vore stas.

Heldigvis har vi lokalavisene.

Endre vorren