Bergsøy tok tre nye poeng etter to mål kvar av duoen Espen Langlo Driveklepp og Franjo Tepuric, men det var ikkje nokon stor fotballkamp dei 309 tilskodarane på Havila stadion fekk sjå fredag kveld.
Bergsøy tok leiinga i det 7. minutt då Driveklepp heada ein corner frå Craig Stuart Rogers kontant i mål. Bergsøy produserte eit par halvsjansar til før FK Sykkylven overtok initiativet i kampen. Dei vant duellane og synte ein langt større innsats og tæl enn heimelaget sine spelarar, og det var slett ikkje ufortent då FK Sykkylvens Martin Lillebø Blindheim sette inn utlikninga midtvegs i omgangen.
Derifrå og ut var bortelaget både uheldige og udyktige som ikkje fekk omsett ein eller fleire av sine store sjansar i teljande resultat.
Pausepraten hadde nok gjort heimelaget godt. Allereie i det 47. minutt heada Franjo Tepuic ballen i mål etter eit flott innlegg av Fredrik Muren. Deretter auka Tepuric Bergsøy si leiing til 3-1 då han vart spelt åleine igjennom i midten.
Bergsøys siste mål var av det lekre slaget. Erik Ulfstein sitt frispark frå venstre stupheada Driveklepp kontant i mål.
- Eg satsa alt eg hadde for å nå ballen og treffet var perfekt. Det var godt å sjå ballen gå inn nede ved stolpen, sa Driveklepp etter kampen.
- Det var lite som stemte i 1. omgang. Eg er nøgd med resultatet og tre poeng, og det faktum at vi heva oss i 2. omgang, var trenar Toni Sandanger sin kommentar etter kampen.
Kampfakta
Bergsøy – FK Sykkylven 4-1 (1-1)
Mål:
1-0: Espen Langlo Driveklepp (7)
1-1: Martin Lillebø Blindheim (26)
2-1: Franjo Tepuric (47)
3-1: Tepuric (59)
4-1: Driveklepp (64)
Gule kort: Benjamin Leine (Bergsøy), Lars Kristian Ringdal Hjelseth og Bendik Hole Alnes (FK Sykkylven)
Tilskodarar: 309
Dommer: Øystein Simon Ytterland (Valder IL Fotball)