Møre og Romsdal Frp hadde i helga sitt fylkesårsmøte på Hotel Union, Geiranger. I alt deltok 135 personar som delegatar, observatørar og gjester.

Årsmøtet har behandla ordinære årsmøtesaker, resolusjonar, og hatt organisatorisk og politisk debatt.

Herøy- og Sande-resolusjonar

Herøy Frp fremma to resolusjonar åleine, og ein saman med Sande Frp. Alle tre blei vedtekne med stort fleirtal. Det som skjer vidare er at forslaga blir sendt til behandling i Frp sitt landsstyre.

Fellesforslaget var å tilrå at Frp Møre og Romsdal støtter at Noreg sjølv må styre sin energipolitikk, og ikkje gjennom EU organet ACER. Dette forslaget blei sendt vidare til møte i stortingsgruppa.

Varslingssystem

Dei to resterande resolusjonane var det Herøy Frp som fremma. Den fyrste var omtalt i avisa i førre veke og går ut på at det bør opprettast digitale varslingssystem for mobbing is skulen, kor ein kan velje å varsle som anonym. Systema skal vere lokale og uavhengige frå skule til skule. Det er rektor, som øvste ansvarlege på skulen, som skal mota varslingane. Systemet skal vere obligatorisk på alle ungdomsskular og vidaregåande skular i landet.

Vil styrke nettolønsordniga

Den siste resolusjonen gjekk ut på å styrke nettolønsordninga for norske sjøfolk.

Forslaget går ut på å auke refusjonstaket betydeleg, og lovfeste inflasjonsregulering av den. Dette vil styrke konkurransekrafta til norske sjøfolk, og sikre føreseielegheit for næringa framover, skriv Møre og Romsdal Frp i ei pressemelding.

– Eg meiner det er bra at årsmøte sluttar seg til forslaget. Det var i grunn forventa, fortel Leiar i Herøy Frp, Karl-Oskar Sævik, og legg til:

– Den er viktig for Herøy og Sunnmøre fordi vi har så mange sjøfolk. Forslaget vil gjere at det blir billigare for reiarlaga å bruke norske sjøfolk. Ordninga må styrkast ytterlegare for å sikre at alle sjøfolk i landet vårt også i framtida har ein jobb å gå til, slår Sævik fast.

Framstegspartiet i Møre og Romsdal ynskjer altså å føre tilbake trenden om inflasjonsregulering ved å lovfeste og regulere nettolønnsordninga for inflasjon kvart år.