– Folk kjenner ikkje til Herøy og Fosnavåg, men på Runde er dei lokalkjende, sa Goksøyr innleiingsvis.

Ordføraren tok utgangspunkt i den nye reiselivsrapporten som analyse- og rådgivingsbyrået ZYNK har utarbeida i samarbeid med Lars Gustavsen (Runde Miljøsenter), Gunther Dahler (Thon Hotell Fosnavåg/Havila) og Ole Magne Rotevatn, Olaus-Jon Kopperstad, samt Goksøyr sjølv frå Herøy kommune.

Rapporten peiker på Herøy sine moglegheiter, men også på Herøy sine største utfordringar. Mellom anna heiter det i reiselivsrapporten at Herøy ikkje har ein tydeleg posisjon som reiselivsaktør. Det, saman med dårlege kommunikasjonstilbod, gjer Herøy til ein vanskeleg plass å besøke.

Også mangelen på produkt retta mot turistar blir trekt fram, saman med det faktum at dei produkta som er tilgjengelege er vanskeleg å få oversikt over. Det er også manglande føreseielegheit når mange av dei produkta som finnast berre er «av og til» utan at det er openbert når «av og til» er.

I tillegg blir utfordringane rundt kommunesenteret Fosnavåg trekte fram. Folk manglar ein grunn til å stoppe i byen når dei reiser til Herøy eller regionen. Det, samt utfordringane med butikkar som stenger for tidleg og mange tomme lokale, verkar negativt for inntrykket av Fosnavåg.

Reiselivsrapporten konkluderer med at det er eit stort gap mellom moglegheitene og realitetane i Herøy.

Dette er Herøy sine styrker

Runde fuglefjell, reint hav, Rundeskatten og skipsvrak, fiske, Herøy gard, lokal mat, badeland og det faktum at Herøy er nær andre attraksjonar som Ålesund og Geirangerfjorden blir sett på som Herøy sine sterke sider.

– Fleire av desse peikar i same retning: Herøy er sterke på det grøne, reine og berekraftige, og har sterke naturopplevingar som kan skape grobotn for eit mangfald av aktivetar, heiter det i rapporten.

Men den konkluderer likevel slik:

«Av desse trur vi det berre er Runde fuglefjell som er unikt nok til å kunne brukast som spiss i posisjoneringsarbeidet. Reint hav, fiske og lokal mat er det også andre destinasjonar i Norge som har. Men Runde finst berre éin stad – i Herøy kommune»

Derfor har arbeidsgruppa valt å kalle rapporten for «Runde - det reine eventyret».

Tiltaka

Goksøyr gjekk deretter over til å snakke om tiltaka som skal få turistane til Herøy. Dei er delt inn i seks prosjekt.

– Det første handlar om organiseringa; vi må ha ein tydeleg struktur for arbeidet med reiseliv i Herøy. Vidare har vi identitetsprosjektet. Det er ikkje kyllingrestauranten, men naturen som skal lokke turistane hit. Runde er produktet vårt, sa Goksøyr.

Ein vil også utvikle ein ny digital hub.

– Det handlar om at vi skal utvikle ein digital teneste, der folk i større grad kan sette saman sine ønskemål. Det skal hjelpe turistane til å sy saman sitt særeigne reiselivsprodukt, fortalde ordføraren.

– Samarbeidsprosjektet handlar om at alle aktørar må trekke i same retning, samtidig som vi må bli flinkare til å skape ein arena for samspel, meinte Goksøyr.

Prosjekt nummer fem er produktutviklingsprosjektet, som handlar om at ein må utvikle nye konkrete produkt som kan syte for at Herøy har eit breiare register å tilby tilreisande, men som ein også kan marknadsføre destinasjonen ut ifrå.

– Det siste er marknadsføringsprosjektet. Vi må klare å effektivt formidle Herøy som destinasjon mot målgruppene vi ynskjer å nå. Det er viktig å få ein turist til å bli ein ekstra dag i Herøy. Ei veke hadde vore heilt fantastisk, smilte Goksøyr.

Må ha ein lang plan

Goksøyr ville elles oppmode folk om å ta vare på dei produkta som ein allereie har fått fram, og slo fast at det er utruleg viktig at ein tek seg råda til å ha ein langsiktig plan. Han meinte også at ein må heie på dei som vil noko i Herøy kommune, og synte då til prosjekta som idrettslaga i indre har på gang, som til dømes turvegprosjektet på Leikong, i regi av Gurskøy IL.

– Og så har vi jo lukkast med noko. Sunnmørsbadet er vårt Legoland. Ser du etter kjentfolk der, ser du ikkje mange. Det er utruleg mange tilreisande, sa ordføraren.

– Men det er klart, eg skulle ynskje at vi hadde ein minibuss som henta folk på Hurtigrutekaia i Torvik og køyrde dei vidare til Runde, hotellet og dei andre attraksjonane. Vi må bli betre til å ta kundane på «kaikanten», avslutta Goksøyr.