Slik svarar økonomileiar Geir Egil Olsen på spørsmål om Herøy verkeleg er den fattigaste komunen i landet, slik Kommunal Rapport nyleg slo fast. «Norges fattigaste» blir ifylgje økonomileiaren feil bruk av ord, og Olsen trur heller ikkje det fyrst og fremst er kommunal fattigdom innbyggjarane i Herøy kjenner på kroppen.

– På mange område har vi eit tenestetilbod som er betre enn i mange andre kommunar, slår økonomileiaren fast.

Mykje går imot

Økonomileiaren er likevel den fyrste til å vedgå at det er mykje som ikkje har gått Herøy sin veg den seinare tida. Skatteinntektene går ned, og det same gjer folketalet, og på på fleire område har det skjedd ting som har ført til at kommunen får mindre frå staten no enn tidlegare. Nesten på alle område har Herøy fått trekk i overføringane, til dømes på grunn av negativ folketalsutvikling.

– Ti færre innbyggarar gir eit tap på ein halv million kroner, forklarar Olsen, som i fjor fekk oppleve for fyrste gong som økonomileiar at Herøy ikkje nådde landsgjennomsnitten i skatt per innbyggjar.

Han kan heller ikkje hugse at kommunen tidlegare har hatt eit teoretisk utgiftsbehov som er lågare enn landsgjennomsnitten. Det i seg sjølv gav eit trekk på ein million kroner, og i tillegg kom eit trekk for elevar i private skular på nær 3,4 mill. kroner.

Lågast i frie inntekter

Kommunal Rapport sin karakteristikk er basert på tabellen som viser at Herøy er rangert sist av kommunane i landet i såkalla korrigerte inntekter.

– Vi er den kommunane som har dei lågaste frie inntektene korrigert for variasjon i utgiftsbehovet for kommunane. Ikkje har vi konsesjonskraft eller heimfallsinntekter, ei heller eigedomsskatt, og fordelen av differensiert arbeidsgjevaravgift er også vekke.

Med ein eigedomsskatt på to promille villle Herøy fått inn ein stad mellom 15 og 20 mill. kroner i året.

Herøy er også mellom dei som har falle mest på denne rankinga sidan sist med eit fall på seks posent. Herøy ligg no på 88 prosent av landsgjennomsnitten, og sjølv med innføring av eigedomsskatt ville Herøy ha lege mellom dei lågast rangerte.

Olsen kan vise til at Ulstein kommune til samanlikning låg på 93 prosent, som rekna etter folketalet utgjorde 26,6 mill. kroner.

– Ulstein kan dermed krydre drifta si med mykje meir pengar enn vi, poengterer han.

Olsen viser til at trass i den dårlege ratingen har Herøy kommune greidd å levere mindreforbuk dei siste åra og har opparbeidd eit disposisjonsfond på femti millionar kroner.

– Også det er eit teikn på at vi ikkje er av dei fattigaste, seier Olsen og peikar på Kostra-tala som viser at på enkelte område brukar Herøy meir pengar enn andre. Det gjeld til dømes kultur og samferdsel.

Tenestetilbodet i fare

På sikt vil denne utviklinga få noko å seie for tenestetilbodet i kommunen. Olsen viser til at kommunen også i dag må redusere kostnadene for å få drifta til å gå i balanse. Dfferansen vil berre bli større og større for kvart år som går, og at ein må bruke av fond lovar ikkje godt.

– Når utgiftsnivået blir like stort som inntekt per innbyggar, er det ikkje mykje igjen av handlingsrommet.

– Kor mykje ein greier å produsere for kvar krone er viktig, og blir berre viktigare og viktigare framover, legg Olsen til.

Han meiner folketilvekst og sysselsetting står heilt sentralt om den negative utviklinga skal snuast.

– Vi er heilt avhengige av sysselsetting og vekst i folketalet. Inntektene minkar om folketalet går ned. Men utgiftene blir stort sett dei same, slår økonomileiaren fast.