Herøy kommune fryktar det kan bli vanskeleg å få ferdigstilt Nærøykrysset innan fristen som Statens vegvesen har sett i samband med tilskot til tiltaket. Det er tenkt byggestart tidleg i haust, men det er tvilsamt om asfaltering kan skje før etter påske neste år. Kommunen har fått vel to millionar kroner til utbetring av krysset på Nærøya som eit sikkerheitstiltak.