eRom er eit samarbeid innanfor den såkalla «Sjustjerna», der dei sju kommunane på Søre Sunnmøre tek del. Også det interkommunale IKT-selskapet SSIKT er involvert i nysatsinga.

– eRom er vising av pasientdata frå det elektroniske pasientjournalsystem Gerica via nettbrett. Føremålet med eRom er at dei tilsette i pleie- og omsorgssektoren skal få rask tilgang til viktig informasjon om dei pasientane dei skal yte teneste til, tiltaka som skal utførast til den enkelte pasient og at det skal forenkle dokumentasjonen.

Det opplyser leiar for dei heimebaserte tenestene i Sande kommune, Kari Johanne Skarmyr.

Jobbar via iPad

Tilsette jobbar via iPad, der dei får informasjon om tiltaka til pasientane i ein oversiktleg kalender.

– Det forenklar også prosessen ved at ein raskare kan evaluere og igangsette tiltak til kvar enkelt pasient. eRom kan også brukast i lag med pasienten slik at dei får sjå oppgåvene som skal skje, og dei kan få påminning om legetimar og andre tiltak som er planlagde sidan det ligg inne i kalenderen deira. eRom er i hovudsak til bruk i institusjonar, opplyser Skarmyr til Vestlandsnytt.

Når dei tilsette loggar seg på iPad får dei opp oversikt over alle pasientane som bur på avdelinga. Dei får også opp journalnotat frå dei siste dagane og kan raskt oppdatere seg på tilstanden til pasienten. I tillegg får ein opp diagnose, annan viktig helseinformasjon, kontaktinformasjon til nærmaste pårørande og fastlege.

Bakgrunn for prosjektet:

For eit par år sidan vart Haugatun, den nybygde avdelinga Sørhagen og Sandetun sjukeheim knytt saman til Sandetun omsorgssenter. Haugetun og Sørhagen vert drifta av heimetenesta og består av omsorgsbustader og fire korttidsplassar. Det er på avdeling Sørhagen eRom no er teke i bruk.

– I heimetenesta starta vi med Mobil Pleie (LMP- journalføring via mobil) for nokre år sidan og har god erfaring med det. Vi ønska no å forenkle arbeidsmåten ytterlegare ved å ta i bruk eRom for pasientane i omsorgssenteret. Med tida er det ønskeleg at heile omsorgssenteret tek i bruk eRom. Det vert vurdert ved evaluering av pilotprosjektet ved Sørhagen, seier Skarmyr.

Rafteseth: – Meir oversiktleg

I samarbeid med SSIKT vart Sande valt som pilotkommune med teamleiar for Sørhagen/ Haugetun, Charlotte Rafteseth, som prosjektleiar.

– Vi har prøvd ut eRom nokre veker no, og trur dette vert eit godt verktøy for alle partar. Det er meir oversiktleg enn å hente informasjon gjennom telefon eller PC på kontora, seier Rafteseth til Vestlandsnytt.

Det vart ein del oppbygging bak i systemet for å få til eRom for omsorgsbustadar. Sande er den fyrste kommune i Norge som tek i bruk iPad som plattform for eRom. Grunnen til at valet vart iPad er at han kan styrast betre enn ordinære nettbrett med tanke på pålogging og tilgongsstyring av dei tilsette.

– Dei tilsette handterer eRom godt. Det positive er at det er meir oversiktleg å lese på ein iPad, og at det er enklare å raskt oppdatere seg på pasientane. Det forenklar også opplæring av sommarvikarane då dei kan lese seg opp på tiltak og pasientar mens dei arbeider i avdelinga, seier Skarmyr.

Det vert opplyst at Herøy til hausten også skal setje i gang med eRom, så det er viktig at Sande som pilotkommune får mest mogleg erfaring, til beste for alle som er med i satsinga.