For sjuande gong skal NRK i gang med kunnskapskonkurransen Klassequizen. Heile 536 skular har meldt seg på. 34 av desse er frå Møre og Romsdal, og av dei er altså to frå vårt område: Ytre Herøy ungdomsskule og Gursken oppvekstsenter. Dei to laga reiser til NRK sitt radiostudio i Ålesund høvesvis 15. januar og 19. februar. Sendingane går på NRK P1 dagen etter, altså 16. januar (YHU) og 20. februar (Gursken).

Den første fylkeslokale sendinga går av stabelen førstkomande måndag. Då får vi høyre Møre ungdomsskule i Ålesund prøve seg, før Hareid ungdomsskule skal i elden tysdag 8. januar.

Vann i fjor

Etter den innleiande runden, vil det, 13. mars, bli halde ein lokal fylkesfinale i Ålesund. I år, som i fjor, vert det kåra to fylkesvinnarar som begge vinn 5000 kroner til klassekassa. I tillegg skal dei vidare til nasjonale finalar i Oslo, som vert sende på riksdekkande TV fem laurdagar i april/mai. Programleiaren i den nasjonale finalen er Selda Ekiz.

I fjor vart YHU sitt deltakarlag, beståande av Viljar Myren, Martine Myran, Jenny Nerem Reite og Even Aurvoll Berge, mellom topp to i fylkesfinalen. Dei fekk såleis reise til Oslo og delta i den nasjonale finalen som vart sendt på NRK1.