– Den er allereie i bruk i treningssamanheng. Vi hadde også fleire kampar her under helgas Havyard-cup.
Det seier dagleg leiar i Bergsøy, Tom Beddari, om den store nye hallen som no står bruksklar ved sida av stadion.
– Vi er veldig fornøgde, det har blitt ein utruleg fin hall, fortel han.
Open store delar av døgnet
«Fiskarhallen» har dimensjonane 76 x 43 meter og har ei speleflate på 60 x 36 meter.
– Vi er i gang med å teste hallen og det inneber at hallen er open mellom 07.30 og 22.30 kvar dag, forklarar Tom.
Han forklarar at dette er noko dei håpar at hallen kan vere også framover.
– Vi vil at dette skal vere ein open hall der folk kan kome å gå som dei føler for. Sjølvsagt får Bergsøy sin aktivitet fyrsteprioritet, som treningar eller aktivitetsfritidsordninga til Bergsøy (AFO).
Ber folk vise ansvar
Men skal hallen vere open krev det at folk viser ansvar.
– Vi skal få opp reglar etter kvart. Om folk vil at dette skal vere ein open arena, må ein behandle anlegget med respekt og ikkje kaste frå seg søppel. Det øydelegg for andre, fortel Beddari som allereie har plukka opp rusk frå besøkande.
– Miljøvennleg granulat
Ein skulle kanskje tru at det i ein slik ny hall var lukt av gummi frå granulatet som ligg i kunstgraset, men tvert i mot er det frisk luft som møter Vestlandsnytt når vi besøker den nye storstova til Bergsøy.
– Vi har valt å kjøpe inn ein grøn granulat-type som for det fyrste er meir miljøvenleg. Den klistrar seg mykje mindre til sko og er luktfri. Det gir også hallen litt friskare luft, forklarar Beddari.
Offisiell opning ut på hausten
Beddari ser store moglegheiter for hallen i tida framover. Ved sida av det primære bruksområdet ser han føre seg at hallen kan brukast til arrangement som messer eller konsertar.
– Vi har store moglegheiter til å leige ut og få til flotte arrangement her så snart vi har fått på plass nødvendig løyve osv.
Hallen er ikkje heilt ferdig endå. Den offisielle opninga er etter planen ikkje tenkt før utpå hausten. Då skal det gjerast stas på både hall og samarbeidspartnarar, røper Beddari.