Og om ikkje noko blir gjort vil feitthinna på hamna truleg blir liggande ei stund også. Men straks han blei gjort merksam på det onsdag morgon, sette Roar Aasen båt og folk i sving med å rydde opp på hamna.
- Slikt skal ikkje skje, og vi må berre beklage det som har skjedd, seier Aasen som er dagleg leiar ved Fosnavåg Seafood.
Aasen fortel at årsaka til utsleppet denne gongen var todelt. Feittet på hamneoverflata skriv seg frå ein av båtane lossa tysdag kveld og som lensa blodvatn rett i hamnebassenget.
- Vi veit kva båt det dreia seg om. Vi tok bilde av båten og har rapportert hendinga til kommunen, seier Aasen.
Sjølv om det er godt skilta ved anlegget, er det tydeleg at ikkje alle har fått med seg forbodet mot lensing på hamna.
Menneskeleg feil var derimot ikkje årsaka til det andre som også skjedde tysdag kveld, og som var årsak til at ein stor flokk med måsar kunne gasse seg med sildeavskjær utover natta og morgontimane.
Aasen fortel at på grunn av ein teknisk feil med ein slange gjekk ein god del med buklister og anna avskjær frå filetproduksjonen, rett i hamna i staden for i oppsamlingsprama som ligg nedfor anlegget.
- Dette uhelleet skjedde på slutten av produksjonen tysdag kveld, seier Aasen, som straks sette folk i sving med å spa opp det dei greidde.
Likevel flaut der mykje buklist på hamna onsdag morgon frå inste vågen og heilt ut til allmenningskaia.