Siste dagane har det kome urovekkande meldingar frå helseføretaket, som nærast utan forvarsel har lista opp ei rekkje moglege effektivisering- og nedskjeringstiltak som skal få drifta på rett veg. Det skjer etter at Helse Møre og Romsdal har levert i pluss månad for månad, over relativt lang tid. Eit unntak er november, som enda med raude tal. Det er knytt spenning til fleire tilbod.

Mork rehabiliteringssenter kan bli lagt ned for godt, etter at helseføretaket varslar at dei ikkje har pengar verken til rehabilitering eller flytting til Volda. No skal det sentraliserast til Ålesund, er tonen. Slett ikkje bra for vårt distrikt.

Så er det forslag om sommarstenging av fødeavdelinga ved Volda sjukehus. Det må aldri gjennomførast, først med omsyn til dei fødande, som då må reise lange vegar. Vert det vedteke er det også eit alvorleg signal kring framtida til Volda sjukehus. Dei fleste i det folkerike Søre Sunnmøre har vel hatt tru på at det ein gong for alle er vedteke å satse på Volda også inn i framtida. Men så kjem altså dette!

Det tredje gjeld avdelinga i Myrvåg, som framleis lever trass eit vedtak om relokalisering. Her har effektueringa stått på vent som følgje av spørsmåla rundt Mork og Volda sjukehus, nybygg eller leige. Denne ballen bør helseføretaket legge død. Sats i Myrvåg, der ting fungerer og husleiga etter måten er rimeleg.

I rekkja av overraskingar har det siste dagane kome signal om at fylkeskommunen, som seinast for nokre veker sidan varsla stort underskot og kutting på dei fleste område, i staden går med stort overskot i 2022. Dermed trengst det ikkje slike kutt som først varsla, og det er positivt både for samferdsel og vidaregåande skular. Tonen er likevel at tenester og tilbod er under press, kontinuerleg. Lokale initiativ må til for å berge det som bergast kan.

Det er synd å seie det, men ein gjennomgangstone er ofte at adressene kuttforslaga gjeld, har ein tendens til å ligge lengst mogleg unna fylkeshuset i Molde.