Nokre anar ikkje kva dei driv med, og har kanskje innteke ei noko avventande og avvisande haldning til det heile. Sett litt på spissen: Nokre hadde heller ikkje trua på internett – då det kom.

Stadig fleire kjenner i dag til at E-sport og spelmiljøet er enormt stort, både nasjonalt og internasjonalt, der dei aller beste driv med slikt på heiltid. Med auka popularitet vert det naturleg nok meir interesse frå sponsorar og annonsørar, og det ser vi også her.

Det er ei spenstig opptrapping Metizport står bak. Med tilsetting av eigne folk i fleire ledd er det grunn til å håpe og tru avdelinga i Myrvåg kan bli ein av spydspissane i vår landsdel inn mot gaming.

Dagleg leiar Arjan Sakarias Dalsøren streka i eit intervju med lokalavisa under at dei er opne og inkluderande, med si eiga breiddesatsing. Rekruttering, det å gje rom også for dei som ikkje er på elitenivå, vil alltid vere ein klok strategi når ein skal bygge opp eit berekraftig miljø, same kva bransje det dreier seg om.

Samstundes er det også naturleg å stille spørsmål om kvar ein skal hente inntektene sine ifrå, altså pengar som kjem i tillegg til faste sponsorbidrag.

Det vert litt som i mellomstore og større idrettslag, der ein også er avhengig av sponsorar, i tillegg til nokre eldsjeler som står på for at hjula skal gå rundt. Slik er det også med Metizport, der det først og fremst er stort engasjement som er drivkrafta.

Det er all grunn til å følge med på utviklinga vidare. For dette er spennande – på fleire vis.