Spelande trenar Anders Vaagen sukkar litt oppgitt når han vert beden om å gje ei oppsummering av vårsesongen.
- Ja, vi har ikkje akkurat hatt marginane med oss, for å seie det mildt. Sett vekk frå den smått katastrofale SIF-kampen har ein gjennomgåande tone for oss vore heiderlege tap.
Når vi snakkar med Vaagen, er han på veg mot Sulesund og vårsesongens siste fotballferjetur heim att. Med seg i kufferten denne torsdagskvelden har Larsnes/Gursken tap 2-4 mot Emblem.
- Det som øydela for oss denne gongen, var ei veldig svak opning der vi låg under 0-2 etter eit kvarter. Dei siste 70 minutta var vi toneangjevande og spelte oss til sju-åtte målsjansar. Eg, og fleire med meg, burde avgjort setje fleire sjansar, fortel Anders.
Leiv Sindre Muren reduserte til 1-2, men Emblem kom tilbake med to nye scoringar (ei før og ei etter pause) før Jan Petter Mork reduserte til 2-4 for Larsnes på overtid.
- Så var det effektiviteten...
- Eit lyspunkt midt i det heile er spelet vårt, at vi styrer kampen og spelar oss til massevis av målsjansar. Slik har det vore i fleire kampar. Men så var det dette med effektiviteten, då.....framheld Vaagen.
Han seier tabellen talar sitt tydelege språk, at det vert ei ny haustjakt på poeng og den nær sagt tradisjonelle kampen for å unngå nedrykk for sandssokningane sin del.
- Det er likevel ingen grunn til å deppe. Om vi har marginane med oss til hausten, om det blir litt meir stang-inn enn det vi har opplevd denne våren, kan det likevel bli bra.
- Har de same spelargruppa til hausten?
- Ja...det blir mykje same gjengen, kanskje med ei justering eller to. Eitt døme er Henrik Rekdal Eidheim, som vi har nyttegjort oss mykje av den siste tida. Det er litt usikkert kor mykje han vert med. På den andre sida kan det hende fleire blir meir med. Aleksander Rekdal, som har hatt litt skadetrøbbel, kan raskt bli ein viktig mann, filosoferer Anderss Vaagen.
Som vanleg ynskjer han heller ikkje etter kampen mot Emblem å framheve enkeltspelarar.
- Nei, eg meiner vi var kollektivt svake i starten av kampen, og tilsvarande gode i resten av kampen, slår han fast.
Laget mot Emblem: Olav Rekdal, Jørn Olsen, Leiv Sindre Muren, Bjørn Vikanes, Henrik Rekdal Eidheim, Anders Vaagen, Torgeir Skeide, John Oskar Hatlebrekke Rekdal, Martin Haanes, Robert Auflem Vik, Jan Petter Mork. Nytta innbytarar: Alexander Borgund, Tor-Jørgen Sætre Kleppe.