Verken Tjørvåg idrettslag eller Moltustranda idrettslag kom med på årets tildeling av kulturmidlar til idrettslag i Herøy. Ingen av desse hadde nemleg søkt då komite for næring, kultur og idrett fordelte midlane på siste møtet.

– Eg trudde vi hadde søkt, så her må det ha vore ein glipp. Dette må vi sette oss ned og sjå på internt, seier styreleiar Åsmund Eide i Tjørvåg IL.

Ifylgje kulturleiar Eileen Gjerde er det to år sidan Tjørvåg IL sist søkte om driftstilskot frå dei kommunale kulturmidlane. Moltustranda IL søkte derimot i fjor og fekk det beløpet dei skulle ha etter medlemstal.

Resultatet blei at dei tre laga som søkte fekk ekstra mykje ved årets tildeling av kulturmidlar til idrett.

Kulturleiar Gjerde seier ho ikkje kan sjå nokon grunn til at tilskotsordninga ikkje skulle vere godt nok kjend ute i idrettsmiljøet.

– Vi lyste ut ordninga både på kommunen si nettside og sette inn påminning om søknadsfristen. Noko meir enn det kan vi ikkje gjere. Vi driv ikkje så mykje etterlysing av manglande søknadar, seier Gjerde.

Av årets pott på 95.000 kroner gjekk 70.000 kroner til Bergsøy IL.