– Vi satsar framleis på nybygg, men når vi fekk kjøpe oss ein båt kan vi kome fortare i gang enn om vi måtte vente på nybygget.

Det seier Even Remøy i spissen for det familieeigde selskapet som er eit utspring frå Remøy Management.

Kjøpt frå Kystverket

Remøy fortel at dei har vore på leiting etter ein båt for å kome tidleg i gang med eit tilbod dei har hatt planar om ei tid. Båten dei til slutt fann har fram til no vore i Kystverket sin oljeberedskap og har difor tankkapasitet som med litt ombygging vil vere tilpassa drifta som bløggebåt.

Difor treng båten minimalt med ombygging før den kan settast i drift. Båten har også nødvendig lastekapasitet og kan frakte sytti tonn med fisk. Anlegg for bløgging skal installerast på dekk.

Avtale i botnen

Grunnlaget for kjøpet er ifylgje Remøy ein avtale som Volt Service kjem til å få med fleire oppdrettarar. Med båten, som får namnet Volt Collector, skal dei hente levande fisk på oppdrettsanlegga, bløgge fisken etter bedøving og frakte den på kjøletankar fram til slakteria.

Volt Collector skal òg ha ein tilleggsfunksjon som beredskapsbåt.

Nybygg under planlegging

Samtidig med at den ombygde båten blir sett i drift, vil selskapet halde fram med planlegginga av nybygg. Det har vore planen heilt sidan selskapet blei starta. Etter desse planane skal Volt Service ha tre bløggebåtar, og Remøy seier seg glad for at dei no slepp å vente til det fyrste nybygget er ferdig.

– At vi fann denne båten var heilt glimrande for oss, seier Remøy om båten som har vore godt vedlikehalden med Kystverket som eigar.

Volt Service har allereie i drift ein nybygd arbeidsbåt som blei overlevert i mai i fjor.

Volt Service er eigd hundre prosent av brørne Ståle og Tore Remøy og deira familiar. Selskapet held til i Remøy Management sitt kontorbygg på Eggesbønes.