Klatreparken i Fosnavåg skal gjerast ferdig i september. No vil rådmannen at prosjektet skal vidareførast med belysing og gangsti opp til Jordmor Helgas veg.

Parken er eit offentleg byrom som ein har ynskje om å vidareutvikle som sosial møtestad og aktivitetsarena, skriv rådmannen og viser til at Parken er definert som eitt av dei fire viktige byroma i Fosnavåg.

Rådmannen ber difor formannskapet om å fullfinansiere prosjektet med knapt 1,4 mill. kroner, som er kommunen sin del av totalkostnaden på 3,5 mill. kroner.

Resten av kostnaden blir dekka av spelemidlar og velvillige pengebidrag frå sponsorar som Gjensidigestiftelsen, Marine Harvest og Sparebanken Møre. Den kommunale delen av finansieringa skal takast frå byutviklingsmidlane.