Og det er nettopp det den internasjonale julefesten i Herøy kyrkje handlar om: Å foreine alle dei ulike nasjonalitetane i lokalsamfunnet og gi dei ei kjekk tid i lag.
«Vi er barn fra forskjellige landsom står sammen og viser vi kanskape samhold om vi bare vilingen grenser for hva vi får til»
Verset kjem midt i songen som Mina Brendmo (10) syng, der ho går med mikrofonen i hendene opp mellom kyrkjebenkane. Like bak går veslesystera Hannah og Isak Duku med kvart sitt levande lys. Songen held fram heile vegen opp til alteret og endå litt til. Snart kjem Jannicke Dikbas fram og set seg ved tangentane. Hannah (6) får ein mikrofon og syng «Tenn lys» i lag med storesøstera.
Etterpå smiler programleiar Jens Terje Johnsen mot forsamlinga, men han vender seg direkte til seksåringen:
– Kunne du tenkje deg å gjere det de song om og tenne det lyset der?
Han peiker på eit par kubbelys framfor juletreet på den eine sida av alteret. Og som sagt så gjort. Festen er i gang.
Ein samtale med Haanes
– Der det er naud og liding, finn ein også mykje vakkert. Nokre av mine beste venner har eg møtt i slike situasjonar.
Styreleiar for Amnesty International i Noreg, Kjetil Haanes, har fått ordet. Rollene er snudd; han får preike, medan presten intervjuar.
– Kvar hentar de styrke til å stå i arbeidet de gjer endå det er så farleg? spør programleiaren.
– Viss ikkje vi står opp for dei svake og undertrykte, i den situasjonen vi er i, kven skal då gjere det?
Det svaret er verd ein applaus, påpeiker Jens, og klappinga rungar høgt mellom kyrkjeveggane for femte gong denne kvelden.
Fleirkulturell fryd
Halve moroa med den internasjonale julefesten er (etter underteikna si meining) å sjå alle dei spennande kulturelle innslaga som er så annleis frå dei norske. For ikkje å snakke om maten! Spleiselaget, der nærast alle tek med noko å bite i og plasserer det på koldtbordet over heile kyrkjetorget, er i seg sjølv verd turen til den rause festen. Slike opplevingar kan sjølvsagt ikkje skildrast i ein avisartikkel, men bilda i dette oppslaget gir eit inntrykk av kva vi fekk sjå og høyre i løpet av dei to timane i kyrkja.